På veg til Kristiansand
Så er dagen komen då “Elieser 6” er på veg til Kristiansand med nye eigarar om bord.
AVREISE: 6. august, tidleg formiddag.
Tekst: Ingrid Helland | Foto: Gerd Jorunn Vik
Med på seilasen er også Den indre Sjømannsmisjon sine folk; Svein Ivar Olausen som skipper, Ommund Høllesli matros, Kåre Undal maskinist og Gudrun Undal passar på at alle får mat og godt stell på turen.
FARVEL: F. v. represent. frå ny eigar (ukjent namn) , Gudrun Undal, ny eigar Kai Henriksen, og Svein Ivar Olaussen.
Tidlegare har den nye eigaren, Kai Henriksen, uttalt til Trygg Havn at båten skal brukast til å kjøra charterrturistar på dagtid i skjærgården i Kristiansand. I tillegg skal dei leiga ut til bryllup og til ulike firma.
Båten skiftar namn til MS Kristiansand og skal byggast om / tilpassast den nye drifta.
- Eg håper velsigninga følger båten vidare, sa Kai Henriksen då salet var “i boks”.
Gerd Jorunn Vik var på kaien då båten la frå land.
- Det var sterkt då Svein Ivar Olaussen fløytte tre støt, sa ho i etterkant.
STERKT: Tre støt i fløyta.
Sjølv om det er vemodig at tida med Betelskipet “Elieser 6” er over, er det optimisme i Den indre Sjømannsmisjon med tanke på båtmisjon. Til vinteren får misjonen låna “Bethel” frå Danmark - i tre månadar.
Det blir spennande å følgja med på kva Gud vil utretta med ein ny, mindre og annleis båt. Vi har bedt - og vi ber - om å få vera i Guds plan.
Les også INTERVJU MED KAI HENRIKSEN og om BASAR OG AV-VIGSLING