Krise kan føra til vekst
Basar og avvigsling av Betelskipet «Elieser 6»
Folk strøymde til den siste samlinga om bord i Betelskipet «Elieser 6», på Vik i Øygarden vest for Bergen. Det var lørdag ettermiddag 28. juni 2025 og foreininga «Lanternen» hadde vore i sving i fleire timar – for ikkje å snakka om dagar.
Tekst og foto: Ingrid Helland
I snart 60 år har “Lanternen” arrangert basarar for å samla inn pengar til Elieser. No var Betelskipet seld.
“LANTERNEN”: F. v. framme: Reidun Sætre Antonsen, Irene Nilsen, solfrid Nikolaisen, Eva Andersen. F. v. bak: Anne Sture, Torlaug sandaker, Jorunn Skjønhaug Torsvik.
Ein jentegjeng frå Askøy
Alt starta med ein jentegjeng frå Askøy som var med på tur rundt Osterøy med «Elieser 4».
- Det var så kjekt at då vi kom heim igjen bestemte vi oss for å starta foreining. I august er det 60 år sidan. Vi har samla inn over 1,3 millionar kroner i løpet av desse åra, fortalde foreiningsleiar Solfrid Nikolaisen til Trygg Havn.
Ei verdig avslutting
Dagen før basaren vart det klart at «Elieser 6» var seld. Samlinga skulle likevel innehalda både basar til inntekt for båtmisjon i DISM, andakt, song, fire åre-omgangar og hovudtrekking. I tillegg orientering om salsprosessen, og avvigsling av Betelskipet.
- Vi skal ha ei verdig avslutting, sa den vante basarleiaren, Solfrid Nikolaisen, til dei mange som var møtt fram.
- Det er heilt sikkert fleire som ville ha fortalt om opplevingar og gode minne, men då hadde vi halde på til langt på natt, og det har vi ikkje helsa til, men alle er velkomne!
Slitne songbøker vart opna på siste side og songen lydde sterkt under opningssongen som har lydd på kvart einaste Elieser-møte: «Velkommen alle her om bord! Vi samles vil om Herrens ord! ... Ja, ære være Herren Gud! Han Elieser kåret ut å bringe bud til fiskermann, langs kysten her i Norges land.»
GODT BRUKT SONGBOK: Elieser-songen lydde sterkt.
Ingolf Solsvik las Matt. 11,28 i sin andakt: «Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!» Sidan 1880 har Den indre Sjømannsmisjon fått gå med denne bodskapen, og mange har fått møtt Jesus. Kjem du til Herren med syndene dine, druknar han dei i havets djup. Du er tilgjeven og frigjort.
Leif Sigurdsen frå Flekkerøy song med fyldig stemme «Vi bor ei her, vi er jo bare gjester …», akkompagnert av John Solsvik.
Basaren gjekk sin gang. God stemning, mykje pengar i sving og høglytt prat, men Solfrid klarte å få det stille under trekkinga.
Orientering om salet
Kåre Undal er den som kjenner «Elieser 6» ut og inn. Han fekk ordet før avvigslinga.
- Det gjekk ikkje lengre for Den indre Sjømannsmisjon å ha 4-7 millionar i underskot pr år. Noko måtte gjerast. Det er mange følelsar og delte meiningar om sal av «Elieser 6», men i april gjekk det ekstraordinære landsmøtet for sal. Ein meklar i Haugesund la ut båten – for heile Europa. Mange 1000 har vore inne og sett på annonsa. 10 melde si interesse og vi har hatt fire visningar medan båten har lagt her på Vik. Til slutt var det eit selskap på Sørlandet som driv med ettervern av rusmisbrukarar som kjøpte båten. Dei var veldig begeistra for skipet. I går kl 10 om føremiddagen «slo vi klubba». Eg var både glad og litt vemodig, men vi har bedt om Guds vilje i denne saka, og eg føler vi har fått bønnesvar. Elieser blir overlevert til ny eigar i løpet av kort tid. Til årsskiftet igjen, får vi låna misjonsbåten «Bethel» frå Danmark. I tre månadar får vi ha den til evangelisering. Vi tenker å prøva dette i eit par år, så får vi sjå om det framleis er interesse for eit Betelskip. Eg ber om forbønn for «Bethel» og med samarbeidet med danske Sømandsmissionen i denne saka, avslutta Kåre.
KÅRE UNDAL: Snart siste “vakt” på “Elieser 6”.
Avvigsling
Øystein Rønhovde er med i DISM sitt hyrderåd. Han sto for avvigslinga av «Elieser 6» til slutt i samværet.
- Det er grunn for takk. I 33 år har «Elieser 6» vore i tenesta med bodskapen om Jesus. I Forkynnaren 3: Det er ei tid for alt. Ingenting varer evig. «Elieser 6» vart vigsla 12. des. 1992. Å ta avskil med noko ein har vorte glad i kan kjennast som tap og sorg. Men krise kan føra til vekst. Ein treng ikkje verta sitjande fast i tapet. Ved gratis lån av «Bethel» blir det likevel mogleg for misjonen å driva med båtmisjon.
2. Tim 1.7: «For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus; vi fekk Anden som gjev kraft, kjærleik og visdom.»
“Å ta avskil med noko ein har vorte glad
i kan kjennast som tap og sorg.
Men krise kan føra til vekst.”
ØYSTEIN RØNHOVDE: - Med dette er Betelskipet «Elieser 6» avvigsla i Faderens, Sønnens og Den hellige ånds navn. Amen
Solfrid Nikolaisen avslutta med bønn og takk for tida med «Elieser 6».
Forsamlinga reiste seg og song «Navnet Jesus blekner aldri».
Øystein lyste velsigninga heilt til slutt og erklærte «Elieser 6» for avvigsla: «Herren velsigne deg og vare deg. Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig. Herren løfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred.»
- Med dette er Betelskipet «Elieser 6» avvigsla i Faderens, Sønnens og Den hellige ånds navn. Amen
Det vart ei høgtideleg og verdig avslutting for Betelskipet «Elieser 6».
Avsluttar med stil
Foreininga «Lanternen» var likevel ikkje klar for å gi seg – i følgje Solfrid:
- Vi avsluttar på denne måten med stil, men vi vil halda fram med basarar til inntekt for eit eller anna prosjekt i misjonen. Men først skal vi ha 60 års-jubileum til hausten.