Offentleggjer kjøpar av “Elieser 6”
Landsstyreformann Pål Vigmostad går no ut med namn på kjøpar av “Elieser 6”: Kai Henriksen i Kristiansand. Salgspris blir ikkje offentleggjort.
Av: Ingrid Helland. Oppdatert 30.06.2025 kl 15.45
Vi tar kontakt med ny eigar for ein prat.
Ein meget hyggeleg og takknemleg kjøpar tar telefonen i Kristiansand.
- Det har vore mange telefonar i dag, seier Kai Henriksen som unnskyldning for ikkje å ha tatt telefonen første gongen. Han blir glad når han høyrer telefonen kjem frå Den indre Sjømannsmisjon.
- Vi skal bruka båten til å kjøra charterrturistar på dagtid i den flotte skjærgården vår, og steike vafler og det som er. I tillegg kjem vi til å leiga ut til bryllup og til ulike firma. Vi har stor respekt for det arbeidet Den indre Sjømannsmisjon har drive med. Vi får ikkje tilskudd til dette og blir derfor nødt til å driva forretning, seier dagleg leiar Kai Henriksen.
- Kjem båten til å skifta namn?
- Ja, den skal heita MS Kristiansand. Eit lett namn å finna fram til med tanke på utleige. Men vi vil fortella til alle interesserte at dette er tidlegare “Elieser 6” og om kva skipet har blitt brukt til.
- Er det snakk om ombygging av båten?
- Vi har ikkje lyst til at folk skal gøyma seg vekk på lugararane, så vi kjem til å bygga den om til å ikkje ha lugarar. Båten skal kun gå på dagtid, så behovet for lugarar vil ikkje vera der.
Det er mykje som skal ordnast før skipet er klar til bruk. Båten må omregistrerast til passasjerskip og i løpet av høsten skal den på mellomklassing. Det vil ta ei tid før den skal ut i drift. Henriksen håpar båten kan ligga ei stund på Vik der den ligg no - til midten av juli, og vel så det.
- Vi har fleire unge og eldre rusmisbrukarar som vi tar inn i arbeidet, med lønn. Det er fint å kunna hjelpa dei som ikkje har det så godt som oss. Det er ingenting som gler meg meir enn det.
Vidare fortel Henriksen om eit bilde som heng framme på Elieser.
- Det gjorde noko med meg. Eg har spurt om å få det med, eller få tatt ein kopi. Kanskje det kan få folk til å tenka litt. Vi har eit styre som bestemmer. Eg trur dei er positive, og så har eg ganske mykje å seia som dagleg leiar, seier Henriksen mildt.
- Er det rom for at misjonen kan låna båten i rolege tider?
- Eg ser ikkje vekk frå det, men vi må ta det opp i styret før eg kan seia noko endeleg om det.
Kai Henriksen kan ikkje skryta nok av folka frå Den indre Sjømannsmisjon som var med på visninga.
- Eg har aldri vore med på liknande. Eg likte dei folka, seier han, og viser til Gudrun og Kåre Undal. Kåre kan “Elieser 6” ut og inn, og kunne svara på absolutt alle spørsmål.
- Eg håper velsigninga følger båten vidare, seier kjøparen, og takkar endå ein gong for at vi tok kontakt.