“Helsereiser” til Røst
«Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» Mark 6.31
SOL 24 TIMAR I DØGNET: Stille og vakkert på Røst.
Tekst og foto: Ann Merit Fidjeland.
Det er sommar og ferietid og vi har alle behov for å kobla litt av frå kvardagens mas og jag.
Er du på ferie i vakre Nord-Norge kan ein tur ut til Fiskarheimen på Røst anbefalast.
Per Fugelli kalte sine turar til Røst for "helsereiser". Her langt ute i villhavet like nord for Polarsirkelen finst mange gode kjelder til helse i naturen, og Havly ruvar som ei borg rett opp av fergekaien med sine 11.5 moh. - på det høgaste punktet på Røstlandet.
PÅ DET HØGASTE PUNKTET: Havly Røst ruvar som ei borg.
Her herskar det fred og ro og tida kjem ikkje - ho ER!
At Nordlandsnetters fortryllande prakt vel er vakrast av all poesi - har me fått erkjenna her ute.
I helga under Lundefestivalen hadde me fullt opp på alle rom og Rino trylla fram dei herlegaste rettar, og mest populære: Indisk buffe og Boknafisk, og sørga dermed for god tilstrøyming til kafeen heile helga.
Ellers har me eit jevnt sig av besøkande som kjem både på overnatting eller på dagsbesøk. Og det er alltid koseleg å slå av ein prat med gjestane enten dei er frå fjern eller nær.
BETJENINGA: Middagspause i finveret.