Ønsker å få fleire med til Røst
- Vi vågar oss ut på nye ting, og tar ikkje skade av det, seier Synnøve Iversen og Ann Merit Fidjeland frå Karmøy. Saman med mennene sine har dei vore fleire gonger på Havly Røst som frivillige medarbeidarar.
AV: Ingrid Helland
FRIVILLIGE MEDARBEIDARAR: Ann Merit Fidjeland t. v. og Synnøve Iversen. Bildet er tatt på Leirvik, Stord. Foto: Ingrid Helland.
Det var Norvald Berg som introduserte dei for fiskarheimen, huset som ruvar på det høgste punktet på Røst. 11,5 meter over havet, og som du ser uansett kor du er på øya.
- Det var mangel på medhjelparar og vi reiste, seier damene nesten i munnen på kvarandre.
Dei vart godt mottekne av dagleg leiar Rino, og av folket på øya.
HUSSTYRE
For å avlasta Rino, vart det tidlegare i år oppretta eit husstyre for fiskarheimen. Dei skal saman med henne tenka litt framover. I tillegg til Rino, Ann Merit og Synnøve, er Andreas Nilsen og Lars Nessa med. Styret møtest på teams.
Til Trygg Havn fortel Karmøydamene at deira hovudoppgåve i husstyret er å skaffa frivillige til å vera med i vinter- og sommarsesongen. Dei er godt i gang, men enno manglar det folk.
Vintersesongen varer frå februar til midten av april og sommarsesongen frå juni og ut august.
FLEIRE FRIVILLIGE
Ann Merit og Synnøve ønsker å få fleire frivillige med. Folk som er glad i å jobba. Kjøkkenteneste blir nemnt, reinhald, klargjering av hotellrom og førefallande arbeid. Det er og viktig å vera imøtekomande og ta imot dei besøkande på ein god og venleg måte. Er det nokon som i tillegg kan hjelpa med song og musikk og med andakt, så er det også ei viktig gjerning, men ikkje eit krav.
Ektepar, vennepar, offshore/turnusarbeidarar, spreke pensjonistar ... Alle som synest dette høyrest interessant ut og kan tenka seg å gjera ei slik misjonsteneste, kan ta kontakt. Sjå kontaktopplysningar nedst i artikkelen.
| Alle som synest dette høyrest interessant ut og kan tenka seg å gjera ei slik misjonsteneste kan ta kontakt.»
- For å oppretthalda kontinuitet og jobberfaring må ein binda seg for minst 14 dagar. Dei som ønsker det får dekka reiseutgifter, fortel Ann Merit.
HEILT UNIK
- Å vera med som frivillig på Havly er ikkje ferie, men vi har fått sett oss rundt, og opplevd mykje forskjellig av det som er der ute i havgapet. Alle vi møter helsar. Dei veit kvifor vi er der. Vi likar oss så godt!
- Røst er heilt unik. Naturen, lyset, luktene, folket, fiskarane, og fiskarheimen som ligg der som ei borg.
Superlativa kjem på rekke og rad frå Karmøydamene. Ikkje vanskeleg å skjøna at dei har funne sin plass.
EIN KJEMPEFIN PLASS: Fiskarheimen (bakerst) ruvar som ei borg på det høgste punktet på øya. Foto: Bildebank Havly Røst.
- Det er ein kjempefin plass. Vi har fått eit hjarta for folket og for fiskarheimen, seier Synnøve.
ARBEIDSLYST OG GOD HELSE
Som pensjonistar har dei anledning til å vera med å hjelpa nokre veker i året. Dei er takknemlege og gler seg over arbeidslyst og god helse.
- Det er så bra at vi kan vera til nytte!
No håpar dei å få fylt opp lista med frivillige arbeidarar frå vinteren av og til ut august 2026.
FERIETUR
Og til deg som planlegg ein ferietur til Lofoten: Legg turen innom Røst og Havly.
- Ferga er gratis. Røst er den flottaste staden i Lofoten og vel verdt å besøka, meiner Ann Merit Fidjeland og Synnøve Iversen. Og dei veit kva dei snakkar om!
Kontakt
Ann Merit Fidjeland
Mobil: 906 77 122
E-post: ann.merit.fidjeland@gmail.com
Synnøve Iversen
Mobil: 934 18 316
E-post: synniversen54@gmail.com