Ny dagleg leiar

Etter 2,5 år utan tilsett leiar i Den indre Sjømannsmisjon, er endeleg ny person på plass; Ole-Jørgen Storsæter frå Fedje, tilsett som dagleg leiar frå 1. desember i år.

Tekst: Ingrid Helland | Foto: Peter Pletten

Vi treffest rundt ein kaffikopp og ein skillingsbolle på Knarvik senter ein tidleg kveld i midten av oktober. Eldste dottera, Malin, er på songøving og vi har ein time på oss til eit lite intervju.

FAMILIE OG ARBEID
Ole-Jørgen er 35 år. Gift med Camilla. Dei har fire born: Jakob 3, Noah 8, Hannah 11 og Malin 13.
Dei siste åra har han hatt jobben som tømrar og prosjektleiar i Samnøy Maskin på Fedje, med ansvar bl.a. for administrasjon, HMS og dokumentasjon.

På vidaregåande gjekk Ole-Jørgen Storsæter på Kongshaug Musikkgymnas. Han er flink på pianoet og har god songstemme. Det var på Kongshaug dei møttest, han og Camilla, så musikken og songen har dei felles.

ERFARINGAR
Sjølv om den nye daglege leiaren er ung, er lista lang når det gjeld erfaringar. I tidleg ungdom gjekk han tenestelinja på Bildøy Bibelskule med praksis i Nordhordland Indremisjon. Han har 30 studiepoeng i rekneskap og er utdanna tømrar. Etter nokre år i byggebransjen begynte Storsæter som krinsleiar i Nordhordland Indremisjon, men då kona vart sjuk, måtte han gi seg der for å vera meir på heimebane.

- Då var det godt at svigerfar hadde bruk for meg i Samnøy Maskin. Etter kvart har heimesituasjonen endra seg, og Camilla er frisk og tilbake i jobb. Eg begynte å tenka litt over kva eg held på med, men såg meg samtidig ikkje om etter noko anna å gjera, fortel 35-åringen.

EIN LANG PROSESS
Ein dag fekk Ole-Jørgen telefon frå ein som spurte om lov til å tipsa Den indre Sjømannsmisjon om han som mogeleg kandidat til leiarstillinga.

- Eg svarte ikkje avvisande. Fleire månader gjekk før eg høyrde noko frå landsstyret. Då spørsmålet kom, måtte eg tenka seriøst over det. Det vart intervjurundar, og samtale med hyrderådet i organisasjonen.

Det var ein lang prosess, men han gjekk igjennom nålauget, og er i dag trygg på avgjerda han har tatt. Avgjerda har Ole-Jørgen tatt saman med Camilla.

- Utan at me var samde om det, kunne eg ikkje gjort det, seier Ole-Jørgen stille, og held fram:
- Eg har fått eit positivt inntrykk av organisasjonen og av landsstyret. Det verkar som dei har ei framtidstru på arbeidet. Dei har skåre ned på verksemda fordi dei ønsker å driva vidare.

OLE-JØRGEN STORSÆTER

GODT KVALIFISERT
Den nye leiaren kjenner litt til arbeidet i DISM gjennom besøk av både «Elieser 6» på Fedje og av krinsen sine arbeidarar.

- Eg gler meg til å få meir innblikk i misjonen og  til å bli kjent med både tilsette og misjonsfolket. Hovudvekta av oppgåva mi vil ligga på administrasjon og personalarbeid.

Storsæter skal ha kontor på Fedje, men presiserer at skal han vera leiar, må han og treffa folket. Så innimellom blir det dagar på hovudkontoret og litt reising. Som utdanna tømrar, er han og godt kvalifisert til å kunna planlegga og vurdera kva som eventuelt må gjerast med bygga som misjonen eig.

- Eg er spent på kor vegen går for Den indre Sjømannsmisjon. Korleis ser den ut om fem år, i 2030? Landsstyret satsar på å senda forkynnarar rundt om til dei små forsamlingane. Det trur eg er fornuftig, konkluderer Ole-Jørgen Storsæter.

Kaffikoppen er tom og skillingsbollen eten. Klokka tikkar mot henting av Malin på 13. Vi går ut i haustmørket.

Eg har fått inntrykk av at Ole-Jørgen Storsæter er som smidd til oppgåva han skal inn i.

 

Forrige
Forrige

Ønsker å få fleire med til Røst

Neste
Neste

Til Engavågen i Nordland