Får halde fram med glede og pågangsmot
Det var mange som var spente på korleis det skulle gå med julemessa i år, med fleire messer rundt omkring i området, og elles mange aktivitetar som går føre seg. Men laurdag 8. november kom mild og fin, så det var lett for folk å ta ut.
Tekst og foto: Andre Sætre, Misjonssekretær
Gjekk unna
Julemessa vart leia av misjonssekretær Andre Sætre. Spjelkavik Bedehus vart heilt fullt av folk, og salet av heimelaga varer gjekk godt. Det var mange fine strikka produkt. Elles var det både klippfisk, lefser, og andre heimelaga produkt. Nydeleg sodd (brennsnut) vart servert med flatbrød og saft. Og det gjekk unna mest alt som var tillaga. Der var også eit stort matbord med det beste og finaste av både runde og firkanta kaker. Der var god nytrekt kaffi, og når messa var over var mest alle kakefat tomme. Det vart også selt ein del smørbrød,
Det var tre åresal utover dagen. Folk frå kretsstyret hjelpte til med salet. At vi fekk seks humrar og fleire pakkar med lefser til utlodding, hjelpte nok godt på salet.
Vi hadde også fått inn mange fine gevinstar til utlodding på loddbøkene. Borna synest det var ekstra stas med tombolaen. Tombolaen vart heilt utselt.
Frå mørke til lys
Magne Arild Torgersen heldt ei fin og gripande andakt, med utgangspunkt i temaet: «Frå mørke til lys». Korleis ein som kjem til tru på Jesus går frå mørke til lys. Vi var så heldige å få med Sunnmørsguttene under leiing av Oddveig Molnes. Dei song dei velkjende gamle evangeliske songane, og som når inn til hjartet på oss.
SUNNMØRSGUTTENE
Takksame
Resultatet vart ein stad mellom kr110 -120 000. Vi er svært takksame for midlane som kom inn, og som betyr veldig mykje for arbeidet i kretsen. Ei stor takk til alle som var med å gje mat og gevinstar, og som elles støtta misjonen med kjøp av lodd og varer! Vår største takk går til Herren, som velsignar arbeidet.
Stor takk
Vi vil også gje stor honnør og takk til dugnadsgjengen på kjøkkenet, til dei som var bak salsdiskane og til loddseljarane.
Vi sender også ei stor takk til alle våre foreiningar og misjonsfolk som støttar opp om julemessa og gir gevinstar og sel lodd!
Får halde fram
Utan givargleda som folk syner ville misjonsarbeidet stoppa opp. Men no får vi halde fram med glede og pågangsmot.
Les meir frå julemessa på Facebook.