Godt å samlast i Jesu navn

Det luktar kaffi og påsmurte smørbrød i det eg stig inn på hovudkontoret til Den indre Sjømannsmisjon i Skuteviksbodene 10 i Bergen. Snart er det klart for Fellesforeningen sitt formiddagstreff. Sigrunn Heggernes og Solfrid Nikolaisen er dei matansvarlege denne lørdagen, 15. november 2025.

Tekst og foto: Ingrid Helland

MATANSVARLEGE: Solfrid Nikolaisen t. v. og Sigrunn Heggernes.

Eg blir ønska varmt velkommen.
- Så kjekt at du kjem!

Borda er dekka med kvite dukar, koppar og fat og fine serviettar. Det tar ikkje lang tid før dei første stig inn.
- Her var det godt og varmt, seier ei og smiler.
Gjensynsglede og varme handtrykk. Tydeleg at dette er ei samling dei har sett fram til.
Annankvar lørdag, omtrent heile året, møter mellom 15 og 20 pensjonistar trufast opp. Til andakt, sang, utlodding, og mat og prat rundt borda.

TRUFASTE: F. v. Anton Torsvik, Torbjørg Torsvik, Reidun Dale, Laila Fagerlid, Solfrid Nikolaisen og Einar Karlsen.

Harald Gåsland er møteleiar.
- Velkommen til formiddagstreff. Godt å samlast i Jesu navn. Jesus står ikkje berre i døra og seier hei på deg. Han er midt iblant oss, seier Harald så treffande.

Mange gode sangstemmer er samla. Det lyder sterkt og klart når Einar Karlsen akkompagnerer til fellessongen “Store Gud vi lover deg”.
Gåsland les Salme 103 til ei opning. Og det er rett som han seier: - Mange gullkorn er samla her.

Det er ei alvorleg preik Tor Øyvind Sandaker har førebudd. Teksten er frå Luk 12,35-49, om Jesu gjenkomst.
Tor Øyvind gir oss tre stikkord å leva etter til Jesus kjem igjen: å våka, å venta og å virka.
Våka: Halda seg våken og ta imot formaning og trøst frå Guds ord.
Venta: Venta på at Jesus skal koma. Ikkje sovna av. Ventetida kan bli lang.
Virka: Stå i det kallet og oppdraget som Jesus har gitt oss. Forvalta evangeliet slik at endå fleire får høyra.
Å høyra og å lesa Guds ord er god forvalting. Der er staden Gud får utrusta oss.
Jesus vil at hans tenarar skal vera aktive til/når han kjem.

Ei lydhør forsamling tar imot bodskapen. Songen “I den stille klare morgen som når dagen travlest er” blir etterpå foreslått. Den passar godt til det vi har høyrt i andakten.

Under måltidet går praten livlig rundt borda. Det er smil, latter og god appetitt, og årer blir selde for 20 kr stk. Tida går fort, og Georg Tvedt kjem på talarstolen for å setta i gang trekkinga. Mange fine gevinstar, som deltakarane har kome med. Sjølv er eg heldig vinnar av ein bodylotion, kvikklunsj og ei eske med småkaker.

SMIL, GOD PRAT OG MAT: F. v. Georg Tvedt, Ingolf Solsvik og Anna Vågenes.

Leiar av Fellesforeningen i Bergen, Sigrunn Heggernes, opplyser om julemessa 22. november. Dei aller fleste er aktivt med på å klargjera og gjennomføra messa. Ein flott innsats, synest eg.

Medan vi har sete inne i varmen, har snøen dala ned ute.
Harald Gåsland takkar for stunda. Vi ber saman velsigninga. Gode ytterplagg kjem på, og ein etter ein går dei ut i den kalde dagen.
- Ha det godt, det var kjekt å vera her. Vi snakkast på julemessa neste lørdag!

Så er det tomt og stilla senkar seg over lokalet.

TAKK FOR I DAG: Harald Gåsland t. v. og Anton Torsvik.










Neste
Neste

Får halde fram med glede og pågangsmot