Eit bøneemne
Etter ei uroleg natt skunda kong Dareios seg til løvehola der Daniel var kasta ned dagen i førevegen, fordi han vende seg til Gud og ikkje til kongen i bøn. Med angst i stemma ropa kongen på Daniel, kongen sin høgt akta minister. Daniel svarte og vart dregen opp av hola, like heil som før. Eit under! Det skjøna kongen.
Etter dette skreiv kong Dareios:
«Rikeleg fred! Med dette byd eg at folket i mitt kongerike, så langt mitt velde rår, skal frykta og skjelva for Daniels Gud.
For han er den levande Gud,
han er til evig tid.
Hans kongerike går ikkje til grunne,
hans velde tek aldri slutt.
Han bergar og reddar,
han gjer teikn og under
i himmelen og på jorda.
Han berga Daniel frå løveklørne.»
Eit sterkt vitnemål frå øverste leiar i kongeriket. Les gjerne heile kap. 6 i Daniel (GT).
I vårt land blir vi leia vekk frå den levane Gud.
Lat orda frå 1 Tim 2,1-4 vera bønemne i dagane framover:
"Framfor alt legg eg dykk på hjartet å bera fram bøn og påkalling, forbøn og takk for alle menneske. Be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så vi kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi gjer Dette er godt og noko Gud, vår frelsar, gleder seg over, han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.
Ingrid Helland, Trygg Havn