Misjonsbåten «Bethel» og misjonsmannen Kåre

Ei tid etter det ekstraordinære landsmøtet, besøkte Trygg Havn Kåre Undal på Frekhaug i Alver kommune. Vi ville vita meir om danskebåten «Bethel» som Den indre Sjømannsmisjon har fått lovnad på å låna.

Tekst: Ingrid Helland, redaktør / Foto: Sömandsmissionen, Danmark.

- Vi skal framleis ha båtmisjon, men med ein annan stil. Den vesentlege forskjellen på «Elieser 6» og «Bethel» er storleik og farge, men farge har vel ingenting å seie for å bringe ut evangeliet? undrast Kåre Undal med eit lite smil.

Vedtak
For nye lesarar nemner vi kort: i slutten av april vedtok det ekstraordinære landsmøtet (XLM) å selja Betelskipet «Elieser 6». I staden har misjonen fått lovnad på å få låna misjonsbåten «Bethel» kostnadsfritt frå Sømandsmissionen i Danmark.

Frivillig
Undal har vore med som frivillig på «Elieser 6» sidan 1994. Det er ikkje tal på alle dei gongane han har blitt tilkalla for å ordna med tekniske ting og alt anna som har med drifta av skipet å gjera. Ingen som han kjenner båten ut og inn. Han har håpa og bedt om at misjonen måtte klara å halda fram med «Elieser 6», men no såg også han at det ikkje kunne gå lengre. Utgiftene vart for store til at det kunne forsvarast.

MISJONSMANNEN: Kåre Undal. Foto: Ingrid Helland.

“Han har håpa og bedt om at misjonen måtte klara å halda fram med «Elieser 6», men no såg også han at det ikkje kunne gå lengre. Utgiftene vart for store til at det kunne forsvarast.»

Kåre har vore med i Elieser-komitéen som utarbeidde forslaget som vart vedteke på XLM. Han har og god kontakt med Sømandsmissionen og leiarane der, og sit inne med mykje god informasjon om «Det sejlende sømandshjem»; «Bethel».

- Seglande sjømannsheimar har vi og hatt, seier Kåre om Elieserbåtane. Slik sett blir det ikkje den store ulikskapen, men vi må segla med rederiflagget til «Bethel»; det danske flagget. I masta har vi det norske flagget som viser at båten er under norsk kommando.

«Bethel» kontra «Elieser 6»
Det er ein dyktig båtmann som sit framføre meg. Han har gjort seg godt kjent med danskebåten, og fortel at «Bethel» er registrert som fritidsbåt i Danmark, er 24 m lang og fekk heilt ny motor for fire år sidan; ein Volvo 500 hk. Sylindervolumet er på 13 l - mot 16 på «Elieser 6». Elieser brukar ca 33 liter drivstoff i timen – medan ca 20 l på «Bethel.

- Det er 220 V om bord, maskinrommet er strøkent og fint og navigasjonsutstyret er moderne. På «Elieser 6» må skipperen ha utvida sertifikat. På «Bethel» held det med sertifikat for fritidsbåt over 50 fot, eit såkalla D5L-sertifikat. Båten held same fart som Betelskipet, er havgåande og har høgt fribord (avstanden mellom sjø og dekk) som gjer at den er stødig. Den har ikkje store vindauge som kan slå inn ved høg sjø (jf. Elieser), er heilt tett framme i baugen og på shelterdekk (eit ekstra dekk over hovuddekket) slik at det ikkje kjem inn sjø. Sømandsmissionen i Danmark har hatt båten i 15-20 år og  den er veldig godt vedlikehalden, kan Kåre Undal fortelja. Han legg til at i utgangspunktet var «Det sejlende sømandshjem» ein militærbåt, og gått som vaktbåt.

PÅ BRUA: Fin innreiing.

- Korleis er båten innreia?
- Det er liggeplass til 10 personar fordelt på fire einmanns-lugarar, og ein stor lugar med seks sengeplassar. I salongen er det festa benkar og bord med plass til ca 30 personar. Byssa og messa ligg ved sida av kvarandre, og er store nok til betjeninga.
På bakdekket er det laga til ein paviljong med tak og småbord.

SALONGEN: Plass til ca. 30 personar.

Vedlikehald
Som vi kan sjå av biletet, er «Bethel» godt vedlikehalden. Den ligg i opplag vinterstid i Hvide Sande, på vestkysten av Jylland. Mange frivillige er med og pussar og malar båten i denne perioden.

- Men kva då med vedlikehaldet dersom DISM skal disponera «Bethel» vinterstid?
- Vi må levera båten tilbake i like fin og god stand som når vi får den til Norge. Vedlikehald bør leggast inn i planen dei siste vekene før den skal tilbake til Danmark.

«BETHEL»: Godt vedlikehalden.

Opplegg
- Korleis ser du for deg opplegget om bord i «Bethel»?
- Planen er Nord-Norge til vinteren, med evangelisering og møte på ulike plassar. Kanskje vi kan få med eit ungdomsteam frå ein bibelskule i tillegg til skipper og matros? Vi kan ha «Bethel» i periodar på tre månader før den må tilbake til Danmark. Eg har snakka med Sjøfartsdirektoratet og fått avklart det.

- Har du vidare tru for båtmisjon i DISM?
- Først må vi prøva ut opplegget med «Bethel» i 1-2 år for å sjå om det er interesse for å halda fram. Om så er, bør vi sjå oss om etter eigen båt, og undersøka kva båtar som er i markedet – med møterom, og lugarplass til minimum fire personar. Ein «Elieser 7». Eg vonar vi kan opparbeida eigen kapital og at faste gjevarar til «Elieser 6» blir med vidare og at vi får fleire med.

- Først må vi prøva ut opplegget med «Bethel» i 1-2 år for å sjå om det er interesse for å halda fram.
Om så er, bør vi sjå oss om etter eigen båt, og undersøka kva båtar som er i markedet...»

Kåre Undal

Avtale
- Er avtalen med lån av «Bethel» underskrive og vedteke?
- I Sømandsmissionen blir det no jobba med forsikringskrav og med leigeavtale. Dersom vi får god avtale med dei, går vi for «Bethel». Utgangspunktet er at vi får låna båten gratis.

- Det vart vedteke på XLM at Betelskipet «Elieser 6» skal seljast. Båten ligg no ute for sal på Finn.no. Er det interesse for skipet?
- Fleire har meldt si interesse, og vi har hatt eit par visningar. Ein skipsmeklar i Haugesund har saka. Han hjelper oss med salet slik at vi får mest mogeleg for båten, avsluttar Kåre Undal.

Artikkelen står på trykk i Trygg Havn nr 4; “SommerBLADET 25”: Misjonsbåten “Bethel” s. 6-8.

  • Etter bladet gjekk i trykken, er det avklart med Sömandsmissionen at Den indre Sjømannsmisjon får låna “Bethel” tre månader i året.
    Vi oppdaterer så snart det kjem nye opplysningar i saka.

Neste
Neste

Ålesund Seaman´s Mission på NRK