Krinsårsmøte i Møre og Romsdal
Den indre Sjømannsmisjon, Møre og Romsdal krins hadde eit fint årsmøte på Sørheim Leirsted, Averøy. Det var nydeleg vårver, med sol og vindstille.
Tekst og foto: André Sætre
SØRHEIM LEIIRSTED
Karin Smenes hadde gjort alt i stand til å ta imot folket som kom. Vi var 15 personar på forhandlingsmøtet, så det var ikkje den store flokken. Fire frå krinsstyret var også borte på grunn av sjukdom og arbeid.
Vi fekk ei fin andakt frå Robert Uggedal før vi byrja på årsmøtesakene, og Annbjørg Helland Sævareid las dikt, og sang til oss.
Robert la ut om den mektige hærføraren Naaman som var spedalsk, men som fekk eit vitnemål frå slavejenta. Det vitnemålet endra til slutt livet til Naaman. Slik kan vårt vitnemål om Jesus også vere med på å endre livskursen til menneske som er på veg til fortapinga.
ROBERT UGGEDAL
Annbjørg Helland Sævareid las diktet: “Det er no du skal få kvila og gje slepp på børa di”.
Ho song: “Gå inn i Getsemane, gå inn til din frelsarmann”.
ANNBJØRG HELLAND SÆVAREID
Så byrja vi på årsmøtesakene.
Årsmeldinga for kretsen, Sørheim og Ålesund Seaman`s Mission vart lese opp. Alle vart godkjende utan merknad. Så var det rekneskapa for avdelingane som vart lese opp, og gått igjennom. Det var ein del spørsmål som misjonssekretæren svarte greitt på. Rekneskapa vart godkjende av møtelyden.
Møre og Romsdal krins går også dette året med bra overskot.
MISJONSSEKRETÆR ANDRÉ SÆTRE
Vi rakk også å ha val før middag:
Det var Hans Isak Røsvik, Gunnar Martinsen og Odd Ivar Nedrelid som stod på val i år. Hans Isak hadde sagt ifrå seg attval, medan dei to andre sa dei gjerne kunne stå vidare. Mona Karlson frå Averøy vart innvalgt som ny i styret.
Det nye styret er då:
Karsten Gjerde, Tomrefjord - formann
Karin Smenes, Averøy
Gunnar Martinsen, Skodje
Ingrid Seljehaug, Averøy
Odd Ivar Nedrelid, Hjørungavåg
Mona Karlson, Averøy.
Vara: Herman Blindheim, Godøy og Beate Myrset, Skodje.
Så fekk vi servert ein nydeleg middag. Det var kjøttsuppe m/flatbrød som Karin Smenes hadde laga til. Ho hadde også laga nydeleg is til dessert, samt gode kaker til. Så det mangla ingenting, alle vart mette og let vel over maten. Etterpå fekk vi også strekke litt på føtene i det fine vårveret.
Vi held fram med forhandlingsmøtet, og hadde samtale om arbeidet. Kretsformannen orienteterte litt om saka med Elieser som skal opp på det ekstraordinære landsmøtet i slutten av april. Alternativa blir truleg å selge båten vi har i dag, og kjøpe ein mindre, Elieser 7, eller avvikle heile båtdrifta for DISM.
Kretsformannen snakka også om Seaman`s Mission-arbeidet langs kysten, og særleg i Ålesund. Han fortalde om at vi får besøk i Ålesund torsdag 22. mai, av ein president i cruiserederiet RCCL. Dei vil markere starten på eit samarbeid, der vi får økonomisk støtte frå dei. Dei synest vi driv eit godt velferdsarbeid for mannskapa på cruiseskipa.
Vi hadde fest kl 16.00 og det kom over 40 personar. Misjonssekretær André Sætre leia festen. Vi hadde også med oss Romsdalskameratene som song til oss. Dei song bl.a.: “Det høres lovsang i himlen når en synder vender om” og “Ser du din frelser på korset?”.
ROMSDALSKAMERATENE
Kåre Sævareid held ein god tale over teksten i 1. Tim. 1, 12–17.
Vers 15: “Det er eit truverdig ord, fullt verdt å ta imot: Kristus Jesus kom til verda for å frelsa syndarar, og mellom dei er eg den største.”
I heile talen synte Kåre fram Jesus som den som kom for å sone synda vår, frelse syndarar. Forfølgjaren Saulus fekk møte Jesus der ved Damaskus, og vart omvendt til Jesus. Han fekk eit nytt liv og vart apostelen Paulus.
Slik blir evangeliet ei kraft som stadig gjer under med menneske, dei blir omvendt og kjem til tru på Jesus Kristus. Det skjer også i denne tida.
KÅRE SÆVAREID
Vi song saman: “Å tenk at det var for meg”.
Annbjørg Helland Sævareid las diktet: “Dei fann inga skuld hjå han”. Ho song: “Jeg kjenner en venn som fra evighet har elsket igjen og igjen” og “Hvor fagert navnet Jesus er”.
Vi hadde mat og kaffi, og Karin hadde dekka opp med både smørbrød og kaker.
Romsdalskameratene song: “Det skal komme en dag”, “Hjemme i himlen skal ingen mer gråte”, “Snart vår vandring er forbi her på denne jord”.
Krinsformann Karsten Gjerde takka alle for at dei kom til krinsårsmøtet, og peika på at framleis så har DISM ei stor oppgåve, både her på Sørheim og i fylket, med forkynninga av evangeliet. Oppgåva har ikkje blitt mindre viktig med åra.
KRINSFORMANN KARSTEN GJERDE
Vi song til slutt: “Din rikssak, Jesus, være skal min største herlighet”.
Vi er takksame for ei rik samling både om sakene, og Ordet.