kretsårsmøte i Bjørgvin
Blå himmel og blå sjø, og det norske flagget i vinden utanfor Vik Bedehus der årsmøtet i Bjørgvin krets vart halden lørdag 5. april 2025. Ramma rundt var strålande.
Tekst og foto: Ingrid Helland
DET NORSKE FLAGGET, BLÅ HIMMEL, BLÅ SJØ: Fin ramme rundt eit godt kretsårsmøte.
Vel inne, sat vesle Jonathan på 5 år og ønskte velkommen.
- Er du påmeldt, spurte han, med munnen full av nysteikt vaffel.
Far, misjonssekretær Andreas Bjerre Nielsen, passa på at alt gjekk riktig for seg.
MAT OG FELLESSKAP
Ragnhild Martinussen og Målfrid Solsvik og deira medhjelparar stod for all maten denne dagen. Så fint laga til med vaflar og kaffi som velkomst, lunsj etter bibeltimen, middag etter forhandlingsmøtet og kaker og kaffi til slutt etter festsamværet. Verdifullt at det var sett av god tid til det sosiale - i eit varmt og godt fellesskap.
BIBELTIMEN
Kretsstyreleiar Ingolf Solsvik ønskte velkommen til bibeltimen.
- Job vart prøvd av vår Herre. Han byrja å tvila. Mange kom med velmeinande råd. Så kom ein ungdom til Job og sa: Jamvel når du seier at du ikkje ser han, så ser han di sak og du må venta på han. Herren ser situasjonen vi er i, og han har aldri svart for seint, sa Solsvik i velkomsthelsinga si.
Misjonssekretær Bjerre Nielsen hadde temaet “Omvendelsen, Guds gjerning alene”. Mark 1,14-15
Mennesket er født i synd, under Guds vrede og dom. Utan omvending - ingen frelse. Det er mange meiningar om kva omvending er. Falsk lære fører ikkje til Jesus og hans frelsesverk, men rett lære fører til Jesus og hans frelsesverk. Det er Guds ære åleine når eit menneske blir omvendt. Frelsa handlar om at Gud tok eit valg for å bli menneske. Luther: Omvendinga er Guds gjerning åleine.
DHÅ har kalla meg ved evangeliet. Det handlar om Jesus. Ikkje om meg. Han gav seg sjølv for meg. Eg får gle meg over Jesus og det han har gjort. Omvendinga er ei gåve frå Gud. Ef 2,8-9
FORHANDLINGSMØTET
Ingolf Solsvik vart valgt til møteleiar. Misjonssekretær Andreas Bjerre Nielsen til referent.
19 stemmeberettiga var påmelde og møtte fram - i tillegg nokre påmelde utan stemmerett.
Andreas gjekk igjennom årsmeldinga og årsrekneskapen.
I tillegg til administrasjon, har misjonssekretæren reist som talar i heile kretsen. Også 14 andre har reist med Guds ord i 2024; tilsette, men mest frivillige forkynnarar.
Kretsen har fem aktive foreiningar: “Fyrlykta - Middalen Sjømannsforening”, Sogndal, “Raudeberg Misjonsring”, Vågsøy, “Lanternen”, Askøy, og i Bergen: “Glimtet” og Fellesforeningen”.
Arbeidsåret 2024 har eit underskot på ca 56.000 kroner. Til samanlikning gav 2023 eit overskot på 87.000 kroner. Fleire faktorar har spelt inn. På inntektssida har det kome inn mindre på gåver, kollekt og på julemessa. Samtidig var det større kostnader enn året før.
Kretsstyret fekk denne samansettinga:
Emil Berre (ikkje på val)
Ingolf Solsvik (for 1 år)
Tor Øyvind Sandaker (for 1 år)
Kjell Helland (for 2 år)
Ragnhild Mikalsen (for 2 år)
Vara: Sigrun Sæle
4 AV 6 KRETSSTYREMEDLEMMER: F.v. Ingolf Solsvik, Tor Øyvind Sandaker, Sigrunn Sæle og Ragnhild Mikalsen.
FESTSAMVÆRET
På festsamværet auka forsamlinga ein god del.
Sigrunn Heggernes leia, Andreas Bjerre Nielsen talte (Mt 21,1-11), Kjell Rossland fortalde om Seaman´s Mission og Fiskarheimen Musikkor song. Eit innhaldsrikt og godt samvær.
KJELL ROSSLAND: Aktiv i Seaman´s Mission i Bergen. - Vi er der for å visa barmhjertighet, og opplever så mykje fint. Det er ei glede å vera med. Eg er blitt så velsigna!
SØSTRE: Sigrunn Heggernes t.v. og Helene Stura.
FISKARHEIMEN MUSIKKOR