Fiskerens Venn 2025
Arbeidet med juleheftet Fiskerens Venn foregår over lang tid, frå idé, - til ferdig arbeid.
Det er kanskje tidleg å allereie i slutten av august skriva om juleheftet til Den indre Sjømannsmisjon for 2025, men vi vågar likevel.
Det første julehefte kom ut i 1931, og har sidan kome kvart år, unntatt i 1944. Då pga. at papirrasjoneringa under 2. verdskrigen gjorde det umogeleg*.
Det er spennande med eit nytt blad – og tankane svirrar:
- Kan vi få det til i år igjen ...?
- Vil vi finna interessant stoff ...?
- Når vi inn i heimane med den glade bodskapen om Jesus, Frelsaren?
- Får vi seljarar som kan ta seg ein tur i nabolaget?
- Skal vi våga å auka opplaget ...?
Når vi no nærmar oss ferdig julehefte for 2025, trur eg vi kan svara JA på alle spørsmåla over.
Er du interessert i å få juleheftet Fiskerens Venn tilsendt? Utsendinga begynner i midten av oktober.
Ta kontakt: 488 54 605 / ingrid@dism.no
For redaksjonsnemnda
Ingrid Helland, redaktør
* Kjelde: “I Herrens tjeneste blant fiskerne” Et riss av Den indre Sjømannsmisjons historie 1880-1970. Av: Ivar H. Gamman og Axel Remme.
REDAKSJONSNEMNDA: F. v. Ove Fotland, Jorunn Bernssen og Ingrid Helland. Foto: Olav Helland.