Arbeide som frivillig på Havly Røst?

Ytterst i havgapet i Lofoten, 10 mil ut i havet frå Bodø ligg det litle øy- og fiskesamfunnet Røst. Ei perle beståande av fleire små øyer bunde saman. Her får ein oppleve både midnattssol og nordlys. Ca. 460 fastbuande held til på øya.

Tekst og foto: Ann Merit Fidjeland

Her på denne fasinerande plassen har Fiskarheimen Havly halde til i 106 år som heim og velferdssenter for dei mange hundre fiskarar under Lofotfiske. Havly ruvar som ei borg på det høgaste punktet på Røst 11.5 moh. Tett ved ferjekaien og båthamnene. Fiskarheimen er godt vedlikehalde og alle rom er nyrenoverte med dusj og toalett.

RUVAR SOM EI BORG: Fiskarheimen Havly Røst ligg på det høgaste punktet på øya.

Dagens fiskarar har moderne velutstyrte båtar så dei færraste treng overnatting. Vinterstid kjem folk for å oppleve det yrande vinterfiske og for fiskarar og lokale er Havly ein kjærkomen stad.

Rino (Harjeet Jassal) har hatt sitt arbeid på Fiskarheimen i ca. 30 år og er sjølve «motoren» i heile drifta. Dyktig og godt kjend både i lokalmiljøet og blant fiskarar og einaste fast tilsette.

«MOTOREN» PÅ HAVLY RØST: Rino (Harjeet Jassal) har hatt sitt arbeid på fiskarheimen i 30 år.

For å kunne drive denne staden med tilbod om overnatting og full kafédrift i vinter- og sommarsesongen trengs det meir hjelp. Sommarstid kjem folk frå både inn- og utland for å oppleve dette spesielle øysamfunnet som også er eit eldorado for fugleliv med rike førekomstar av ulike sjøfuglar.

“For å kunne drive denne staden med tilbod om overnatting og full kafédrift i vinter- og sommarsesongen trengs det meir hjelp.”

 Havly hotell tilbyr 22 senger til overnatting. Kafeen tilbyr frukost, lunsj, dagens middag og faste menyar. I sommarsesongen blir det kun drive hotelldrift. I vintersesongen under Lofotfisket fungerer det i tillegg som eit velferdssenter for fiskarar og alle interesserte. I helgene er det sosialt samvær og møtetilbod.

For å oppretthalde slik drift trengs det frivillige som synest dette høyrest interessant ut og kan bistå med hjelp på kjøkken, vask, reinhald,  klargjering av hotellrom og å vere ein sosial og tilstedeverande person for besøkande. Kan du bistå med sang/musikk/andakt under vintersesongen er dette eit pluss, men absolutt ingen krav.

Vintersesongen varer frå februar til ca. medio april og sommarsesongen juni, juli og august.

For å oppretthalde kontinuitet og jobberfaring må ein binde seg for minst 14 dagar. DISM dekker reiseutgifter og opphald på Havly.

Ektepar, vennepar, offshore/sesongarbeidarar, spreke pensjonistar som synes dette høyrest interessant ut og kan bistå i denne misjonstenesta kan ta kontakt med:

Ann Merit Fidjeland:
ann.merit.fidjeland@gmail.com / 90677122

Synnøve Iversen:
synniversen54@gmail.com  / 93418316

Ta kontakt snarast mulig slik at god planlegging “muliggjøres”.

Ann Merit og Synnøve
På vegne av husstyret i Havly Røst.

PAUSE I ARBEIDSDAGEN: F. v. Ann Merit Fidjeland, Synnøve Iversen, Rino, og Kasper Iversen.

Neste
Neste

Fiskerens Venn 2025