Besøkande nr 1000
10. juni vart det ei lita markering av besøkande nr 1000 ved Seaman´s Mission-lokalet i Stavanger.
Tekst og foto: Arve M. Abelsen - arve@dism.no
GERARD FRÅ FILIPPINANE: Besøkande nr 1000.
Sjøfolka på bilda, og mange fleire, er takknemlege for strikkelua som dei får gratis. Dei blir informerte om at det er handstrikka luer av norske kristne kvinner som er glade i sjøfolk, og som vil gi dei denne gåva. Sjøfolka blir også informerte om båndet med helsinga "God loves you. John 3:16" som er påsydd luene.
Nokre sjøfolk veit kva dette betyr, andre vil gjerne ha eit Nytestamente - og blir vist kvar Joh 3,16 er, og får lese bodskapen som står der.
Slik blir Guds Ord sådd ut - og inn i hjartene, også gjennom strikkeluer.
Vi treng fleire strikkelue-strikkemisjonærar som kan sende oss fleire strikkeluer!
“Vi treng fleire strikkelue-strikkemisjonærar
som kan sende oss fleire strikkeluer!”
“GOD LOVES YOU”: Den gode bodskapen gjeld også sjøfolka frå Honduras.
Onsdag 11. juni var det 54 crew innom. Tre sjøfolk fra Honduras fikk med seg kvar si strikkelue, spansk bibel og spansk oversetting av andaktsboka “Ett er nødvendig” (av H.E.Nissen).