Samarbeid mellom Norway Seaman`s Mission og Royal Caribbean Group

Torsdag 22. mai besøkte president Laura Hodges Bethge Ålesund. Ho er president i Cruiserederiet Celebrity Cruises, som er ein del av Royal Caribbean Group. Det er verdas største cruiserederi.

Tekst og foto: André Sætre

Laura Hodges Bethge var om bord i cruiseskipet Celebrity Apex som la til kai ved Stornespiren.
Målet hennar denne dagen var å besøkje Norway Seaman`s Mission i Torghallen (Nedre Strandgt. 5).  

Laura Hodges Bethge kom med gladmelding.

Norway Seaman`s Mission har drive velferdsarbeid for mannskap på cruiseskipa i 11 år i Ålesund. Norway Seaman`s Mission har stasjonar i Stavanger, Bergen, Ålesund og Honningsvåg. Royal Caribbean Group har følgd med velferdsarbeidet som vert gjort på desse stasjonane gjennom mange år, og synest det er veldig bra for mannskapet på cruiseskipa. Det skaper trivsel for mannskapet som er om bord i 8 -10 månader om gongen, og dei ser fram til å kome til desse hamnene der Norway Seaman`s Mission har base.

Denne dagen kom ho med gladmeldinga til Norway Seaman`s Mission om at Roal Caribbean Group donerer 40 000 USD, til dekning av husleige på alle stasjonane. I tillegg har dei donert 37 500 USD på slutten av fjoråret, for året 2024. Det tyder på at dei vil bidra årvisst framover til dekning av husleige.

Laura hadde også med seg kaptein Nikos Christodoulakis og eit team av dei øvste offiserane om bord. Det var også med folk frå hovudkontoret i Miami til ei snorklippings-event utanfor Torghallen denne fine vårdagen. Her var Nørvøy Ungdomskorps oppstilt, og spelte feiande marsjar og flotte musikkstykke til både amerikanske og norske tilhøyrarar.

Nørvøy Ungdomskorps

Snorklippinga markerer starten på eit samarbeid mellom Norway Seaman`s Mission og Royal Caribbean Group, og at dei framover gi støtte til velferdsarbeidet som blir gjort langs norskekysten for mannskapet på cruiseskipa.

Presidenten klipper snora. Landsstyrleiar Pål Vigmostad t. h. i kvit skjorte.

Det einaste som Royal Caribbean Group krev, er at det blir hengt opp ein liten plakat i lokalet om at dei sponsar husleiga for lokalet. Og det er sjølvsagt enkelt og greitt for Norway Seaman`s Mission som har drive arbeidet med innsamla midlar, og no kan konsentrere seg endå meir om å ta seg av mannskap og utvikle velferdsarbeidet.

Varaordførar Monica Molvær

Norway Seaman`s Mission er ein del av Den indre Sjømannsmisjon sitt arbeid. Norske gjestar ved markeringa var m.a.: Varaordførar Monica Molvær, Ass. Direktør i Kystverket Per Jan Osdal, havnefogd Ole Christian Fiskaa, Monica Berstad, dagleg leiar i Cruise-Norway og Vilde T. Coward, Head of Governmental Affairs Norway for Royal Caribbean Group og Jonathan Hawkings frå Royal Caribbean sitt kontor i England. Elles deltok: Landsstyreformann Pål Vigmostad, kretsformann Karsten Gjerde og leiar for Norway Seaman`s Mission i Ålesund, André Sætre.

André Sætre med ei helsing til president Laura Hodges Bethge.

Plakat i lokalet frå RCCL.

Neste
Neste

Stor og betydningsfull støtte til Den indre Sjømannsmisjon