Minneord Børge Løype

Børge Løype sovna stille inn måndag den 6. juli, etter kort tids sjukdom.  
Det er med sorg vi har motteke meldinga om dette. 

Dei åtte siste åra har Børge vore tilsett som rekneskapsførar i Den indre Sjømannsmisjon, og var i arbeid heilt til det siste. 
 
Anna kvar veke reiste Børge frå heimen i Skjold i Vindafjord kommune til hovudkontoret i Bergen. Han gav uttrykk for at han likte seg der. Børge hadde god kontroll og oversikt over rekneskapen i Den indre Sjømannsmisjon.  
Men rekneskapsføraren vår var god på meir enn tal. Han kunne å oppmuntra og heia fram når noko var vanskeleg eller gjekk ein imot. Han tenkte meir på andre enn på seg sjølv.  
Då vi kom på kontoret om morgonen, sto TV-kanna klar med gul postit-lapp: FERSK KAFFI. Då visste vi at Børge var i gang på kontoret sitt. 

Børge var av dei stille i landet, men overraska stadig med artige og treffande  kommentarar. Både i Trygg Havn og i juleheftet Fiskerens Venn hende det at «Børges lune hjørne» var med. 

Då Børge i 2018 vart tilsett i misjonen, hadde han i fleire år vore aktiv i styre og stell i Karmsund krets av Den indre Sjømannsmisjon; bl.a. som kontaktperson på Isvik bedehus og som kretsstyremedlem i fleire periodar. Ved siste kretsårsmøte vart han igjen vald inn, som styremedlem. Det skulle bli kortvarig. Gud hadde ein heilt annan plan for Børge. 

Den indre Sjømannsmisjon har mista ein god og trufast ven og medarbeidar. Trøysta er at Børge  no er heime hos sin Herre og Frelsar.   

Våre tankar går til Alf Martin, bror til Børge. Vi ber om at han må få kjenna Guds fred midt i sorga. 

Vi lyser fred over Børge Løype sitt gode minne! 

 

For Den indre Sjømannsmisjon 
Ingrid Helland 

Neste
Neste

Sommerstengt