Frå Havly til “Bethel”
Havly Stamsund. Foto: Olaug Vikingstad
Den indre Sjømannsmisjon vart pålagt å stenga fiskarheimen i Stamsund - frå 30. september 2025. Årsaka er manglande brannsikringstiltak.
Av: Ingrid Helland
I følgje offentlege referat frå landsstyret, har det i fleire år gått føre seg ein prosess når det gjeld brannsikring av bygget.
- Krava handlar om å avgrensa kafé-delen av bygget som eigen branncelle, mot resten av bygget. Dersom fleire deler av bygget skal brukast, må også desse etablerast som eigen branncelle, forklarar dagleg leiar i DISM, Ole-Jørgen Storsæter.
- Det er estimert ein pris på 2-3 millionar kroner for brannsikringstiltaka. I tillegg treng huset sårt til oppussing, så totalt kan det kosta misjonen 4-5 millionar å få huset i stand, seier nestleiar i landsstyret, Olaug Vikingstad til Trygg Havn.
Har eit ansvar
Vikingstad er ein av to som i fjor var utsendingar frå landsstyret til fiskarheimen i Stamsund; til eit bygg på over 1000 m2.
- Eg har hatt god dialog med Johanne Grønbech og hennar stab som har stått på og drifta heimen på frivillig basis, og har stor forståing for at dei ønsker å halda fram drifta. Av og til kom det 4-5 fiskarar innom. Søndagar kunne det vera opp mot 20 besøkande i kafeen då fleire fastbuande kom for å kjøpa middag. Det seier seg sjølv at driftsgrunnlaget er for dårleg, seier Vikingstad.
- Økonomien krev at vi må gjera noko. Vi må vera realistar. Som landsstyre har vi eit ansvar, og no er det brannkrava som tippar lasset. Det er ikkje for å avslutta i Stamsund vi gjer dette, men for å gjera det på ein annan måte.
| Det er ikkje for å avslutta i Stamsund vi gjer dette, men for å gjera det på ein annan måte.» Olaug Vikingstad
«Bethel» som fiskarheim
- Misjonen får litt tilskot frå det offentlege når det gjeld fiskarheimane. Vårt ønske er å framleis driva arbeid i Stamsund. Vi har sett på alternativ med bl.a. å leiga ei større rorbu. Det som no har lagt seg til rette, er å ha misjonsbåten «Bethel» liggande som fiskarheim. Der kan fiskarane få seg eit varmt måltid nokre dagar i veka og elles koma for ein kopp kaffi og litt attåt. Dette blir ikkje kafédrift for lokalbefolkninga, presiserer Olaug Vikingstad, men ein stad der fiskarane kan koma og slå seg ned, heilt gratis.
Misjonen har ikkje løyve til å bruka båten til næringsverksemd, derfor er arbeidet basert på gåver og frivillige bidrag.
Vidare arbeid
Det er vedtak i landsstyret om å henta inn takst på eigedommen slik den står i dag. Mest sannsynleg går dei for sal av fiskarheimen. OG for vidare arbeid blant fiskarane der. Korleis det siste skal gjerast er ikkje landa, men for denne sesongen er det ordna med at «Bethel» skal ligga i Stamsund som fiskarheim i tida 11. feb.-20.mars. Frivillige medarbeidarar vil vera om bord og legga til rette for ein varm og inkluderande møtestad for fiskarane.
- Eg er glad for at dette har lagt seg til rette, seier nestleiaren til Trygg Havn i dag.
Bethel i Stamsund. Foto: Lasse Hamberg