“Bethel” ved kai på Bildøy

- Dette er ein midt i blinken båt for Den indre Sjømannsmisjon!

Det er Kåre Undal som uttalar seg slik om misjonsskipet “Bethel”. Kåre med fleire var med til Danmark og henta båten. Denne dagen, torsdag 22. januar, har dei lagt til kai ved Bibelskolen på Bildøy vest for Bergen.

MISJONSBÅTEN “BETHEL”: Til kai ved Bildøy Bibelskole.

Første stopp etter Danmark var Flekkerøy, så Farsund, Sirevåg, Kvitsøy, Veavågen, Fitjar og Bildøy, og vidare nordover.

Det er Svein Ivar Olaussen og Svein Sæbjørnsen, begge godt kjende frå “Elieser 6”, som trygt fører båten frå havn til havn. Kåre Undal har tatt ansvaret som motorpassar. Lasse Hamberg og Ommund Høllesli, også dei tidlegare tilsette på “Elieser 6”, har stilt opp som matrosar.

SMIL: Svein Ivar Olaussen t. v. og Kåre Undal blir fotograferte av Gerd Vik.

Vel inne i salongen, og etter pizza som Gerd Vik har spandert på mannskapet og på Trygg Havn sin utsende, får eg ein prat med Svein Ivar Olaussen og Kåre Undal.

- Korleis var førsteinntrykket ditt då du kom om bord i Danmark for å segla båten til Norge, Svein Ivar?
-
Det var litt enklare standard enn det eg var vant med på “Elieser 6”, men det har ikkje vore noko problem. Eg har lært meg å leva med forholda, og det fungerer, smiler Olaussen i det han legg til; - vi vart meget godt mottatt av Leiv Rasmussen, tilsett skipper på båten i Danmark. Han var så raus at han vart med oss til Kristiansand.

- Flekkerøy var første stopp. Kom det mykje folk om bord der?
- Det kom og gjekk folk heile dagen. Sigurd Jarl og Arne Hansen kjørte oss så vi fekk provientera. Folk har verkeleg stilt opp for oss, fortel Kåre Undal på sin rolege måte.

- Ryktene har gått om Sirevåg…?
- I Sirevåg var det stinn brakke, kjem det kontant frå Kåre, - men alle fekk plass innom døra. Alle rom var i bruk utanom lugarane. Sånn elles på turen, trur eg det er passeleg kapasitet i salongen.

- Merkar de forventningar til “danskebåten”?
- Det var delte forventningar i starten då “Elieser 6” vart seld, men dei som kjem om bord her, trivst godt. Svein Ivar og Kåre er einige om det.

- Har de tru på ei framtid med båt i Den indre Sjømannsmisjon?
- Dersom det ikkje blir ny giv blant dei unge, så trur eg ikkje det blir nok interesse for båt, meiner Undal.
- Det er nødvendig å få med seg dei unge for eit langsiktig mål, legg Olaussen til.

FRISKT INNSLAG PÅ KVELDSMØTET: Elevar frå Bildøy Bibelskole saman med Gudrun Undal.

Det nærmar seg møtetid. Til saman med mannskapet, vart vi 18 stykk denne kvelden. Det passa godt med andakt på “danskebåten” av vår danske misjonssekretær i Bjørgvin, Andreas Bjerre Nielsen. Han minna om Jesu gjenkomst og om å vera klar til å vera med når Jesus kjem igjen.

Misjonssekretær Andreas Bjerre Nielsen og skipper Svein Sæbjørnsen. Foto: Gerd Vik.

Joel Andreas og mora Kirsten Mona Aadland spelte til fellessongen.

“INGEN ER SÅ TRYGG I FARE”: Fint akkompagnert av Joel Andreas Aadland, 11 år. Han er oldebarnet til Rolf og Margit Stave, som var engasjerte i DISM heile si tid.

Etter kaffi, brus og lappar takka møteleiar Gudrun Undal av kvelden. Fleire vart likevel sittande igjen og prata, og nokre vart med på ein omvisning på båten.

Ei god og fin samling, med ein alvorleg bodskap, var til ende også denne kvelden.
Må “Bethel” få vera ein reiskap i innhaustinga til Guds rike!

Følg seilingsplanen HER.

MANNSKAP: Jan Wigemyr t. v. og Karl Inge Thomassen mønstra på, Svein Sæbjørnsen, Lasse Hamberg, Svein Ivar Olaussen held fram. Kåre Undal t. h. mønstra av på Bildøy.

Tekst og foto: Ingrid Helland

Neste
Neste

“Bethel” ankommet Flekkerøy