Oppdatert 24.05.2022

Landsmøte 2022 

Tema: "Gud vil det!"

Påmeldingsskjema nederst på sida.

Velkommen til Den indre Sjømannsmisjon sitt Landsmøte 30. juni-3. juli 2022 på Nordhordland Folkehøgskole i Alver kommune.

Det nærmar seg tida for Landsmøtet.
Nordhordland Folkehøgskole ligg flott til på Frekhaug i Alver kommune, og vi føler oss så velkomne.
Her får vi fri tilgang til det meste: svømmehall, gymsal, klatrevegg, Frisbee-bane og mykje meir.
Ein ypparleg stad for heile familien. Det blir eige opplegg for barn og tenåringar under forhandlingsmøta. Leiarar for dette opplegget er: Elias Østerhus, Cato Myklebust, Solvor Dyrnes, Elias Hegle.
Kl 22.00 fredag og lørdag er det ungdomsmøte.


I tillegg er dette staden for avslapping mellom øktene, for den som ønskjer det, eller for ein spasertur i vakre omgivnader.

Det er god oppstillingsplass til bubilar og campingvogner - med tilgang til dusj og toalett i idrettsbygget, men berre fire uttak til straum. Straumen kan nok bytast på dersom det blir nødvendig.

Vi gler oss til å vera i lag med misjonsfolket desse sommardagane i månadsskiftet juni/juli; sosialt og åndeleg. Saman skal vi setta kursen for Den indre Sjømannsmisjon inn i ei uroleg og ukjent framtid.

Velkommen til landsmøtet 30. juni-3. juli på Nordhordland Folkehøgskole i Alver kommune!

Program og prisar under bildet.

 

NORDHORDLAND FOLKEHØGSKOLE: Dei store bygningane midt i bildet. Foto: Nordhordland Folkehøgskole.

Program
Torsdag 30. juni
12.00 Lunsj
13.00–17.00 Registrering 
18.00 Kveldsmat
19.30 Opningsmøte. 
          Talar: Ingvald André Kårbø, radio og TV-pastor / konstituert daglig leder i P7 Kristen riksradio 
          Tema: "Gud vil frelse"
          Sang: Sara Helen Hetlebakke Romarheim
          

Fredag 1. juli
08.00 Frukost
08.45 Bønnesamling
09.15   Bibelsamling
            Talar: Thomas Kjær Olsen, misjonssekretær Bjørgvin krets
            Tema: «Da skal dere kjenne at jeg er Herren» - misjon i GT
            Song: Dagfinn Sandal
10.30   Forhandlingsmøte
            Eige opplegg for barn/tenåringar.
            Leiarar: Elias Østerhus, Cato Myklebust, Solvor Dyrnes, Elias Hegle 
13.00   Middag
14.30   Kaffe
15.00  Forhandlingsmøtet held fram  
            Eige opplegg for barn/tenåringar
18.00  Kveldsmat
19.30   Misjonsmøte
            Talar: Ingvald André Kårbø - Tema: "Gud vil misjon"
            Song: Gaute Melberg, Camilla Myklebust
22.00  Ungdomstreff
             Andakt: Dagfinn Sandal - Song: Anita Malmin

Lørdag 2. juli
08.00 Frukost
08.45 Bønnesamling
09.15   Bibelsamling 
            Talar: Thomas Kjær Olsen 
            Tema: «Da skal dere kjenne at jeg er Herren» - misjon i GT
            Song: Dagfinn Sandal
10.30   Forhandlingsmøte
            Eige opplegg for barn/tenåringar
            Leiarar: Elias Østerhus, Cato Myklebust, Solvor Dyrnes, Elias Hegle 
13.00  Lunsj m/kaffe 
14.00  Utflukt/Fritid
18.00  Middag
19.30  Festmøte 
           Talar: Ingvald André Kårbø - Tema: "Gud vil vera med" 
           Song: Familien Malmin                                                    
           Kaffi og kaker etter møtet
22.00 Ungdomstreff
           Andakt: Elias Østerhus - Song: Camilla Myklebust

Søndag 3. juli
09.00 Frukost
11.00  Formiddagsmøte 
           Talar: André Sætre, misjonssekretær Møre og Romsdal 
           Søndagens tekst: Matt 9,35-38
           Song: Dagfinn Sandal, Gaute Melberg
13.00  Middag m/avslutning

Pris pr person for heile stemnet:
Dobbeltrom m/ full pensjon: kr 3.000 
Enkeltrom m/ full pensjon: kr. 3.300 

Familievennleg pris:
Makspris pr. fam.: kr 6.000 for heile stemnet

Tilbod til deg som ikkje ønsker overnatting eller bur utanom internata:
Dagpakke alle måltid: kr. 540 
Dagpakke utan frukost: kr. 430 

Bubil/campingvogn
kr 150 pr døgn utan straum + eventuell dagpakke (sjå over)

Påmelding:
Via skjemaet nederst på sida
E-post: dism@dism.no
Tlf.: 488 54 605 (ikkje SMS)

Påmelding til Landsmøtet:

DISM hovudkontor:

Postboks 1904 - Damsgård
Bergen, Vestland 5830

E-post: dism@dism.no
Tlf.: 488 54 605