Møre og Romsdal krets

 

Møre og Romsdal krets var tidlegare tre kretsar: Nordmøre og Romsdal krets, stifta 25.11.1899, så vart Romsdal krets utskilt frå denne 1.06.1925. Sunnmøre krets vart stifta 29.10.1906. Seinare vart Nordmøre og Romsdal samanslegne att, og i 2007 fekk kretsen namnet Møre og Romsdal krets.

Kretsen har 19 foreiningar og ein tilsett; misjonssekretær André Sætre.

Sørheim leirstad, Averøy, vart bygd i 1969. Misjonen driv barne- og ungdomsleirar på denne idylliske staden ved fjorden.

 Facebook

"Elieser 6" på Solund Verft. Foto: Geoff Morgan, skipper.

 

Kronerulling for "Elieser 6"

Publisert 8. september 2020

 

BETELSKIPET «ELIESER 6» ligg  på Solund Verft AS for reparasjon etter at den i mars fekk noko hardt i propellen. Dette er ei forsikringssak med eigenandel på kr. 100.000,-. 


I TILLEGG til forsikringssaka, blir det utført planlagt vedlikehald av skipet, + eit ekstra vedlikehald som har med sikkerheita til «Elieser 6» å gjera: byte av naudbrannpumpe og reparasjon av  ankervinsjen. Dette ekstra vedlikehaldet  er kostnadsrekna til kr 500.000,-.


VENNER AV «ELIESER 6» har utfordra oss til å laga ei kronerulling for å samla inn det ekstra beløpet på kr. 500.000,-.  Del kronerullinga med venner og lat oss løfta i lag.


Arne Helleland
Generalsekretær


BANKKONTO 3000.17.23983   VIPPS 107871

 

 

 

 

Slik ser vi for oss hausten 2020

 

Kretsstyret har hatt møte, og diskutert aktiviteten framover sommaren og hausten. Det er vanskeleg å ha altfor konkrete planer på alt, då tiltaka i samband med koronaen endrar seg kjapt.

Kretssekretæren har vore sjukmeld, men er no delvis tilbake i arbeid. Det er vi veldig glade for.

Styret har diskutert om vi skal gjennomføre kretsårsmøtet til hausten, men med den usikkerheita om kor store forsamlingar vi kan ha med hensyn til avstand og storleik på aktuelle hus, fann vi det riktig å avlyse. Matservering hadde også blitt utfordrande med dagens retningsliner.


Vi avlyser også skjergardsstemnet vi kvar haust har hatt i Herøy. Vi tar ikkje sjansen på å bli ein smittespreiar.


Julemessa i november vil vi forsøke å gjennomføre på ein eller annan måte. Den blir nok ikkje slik vi er vane med. Men vi skal skaffe gevinstar og sende ut loddbøker, og kjem tilbake til korleis messa skal gjennomførast.


Men møta rundt om i bygd og by kan vi gjennomføre. Det er berre til å kontakte Misjonssekretæren og avtale møte. Der skal vi kunne holde dei føreskrivne avstandane.


Det ser også ut til at "Elieser 6" kjem hit til kretsen i november/desember. Vi kjem tilbake til det når det nærmar seg.

 

Matt 18,19

«Også dette sier jeg dere: Alt det to av dere her på jorden blir enige om å be om,
skal de få av min Far i himmelen.» 


Lat oss stole på Ordet og be for og med kvarandre.


Møre og Romsdal kretsstyre
v/ Karsten Gjerde

 

 

 

Faste arrangement i kretsen

Kretsen brukar kvart år å ha SKJÆRGARDSSTEMNE på Nerlandsøy Bedehus første veka i september. Stemnet har i 2019 gått jamt i 75 år, og samlar mange til møte og bibletimar. 

Misjonsbåten "ELIESER 6" har seinare år brukt å ligge i Fosnavåg i første del av juli. Då har vi bibelveke med møte og bibletimar om bord. Det er då høve til å overnatte om bord - med full pensjon. Det ligg også godt til rette for parkering av bobilar og campingvogner i området.

Kretsen har kvart år JULEMESSE i Spjelkavik Bedehus den andre laurdagen i november. Vi set stor pris på å få inn handarbeid (strikka, hekla og sydde ting) for sal og evt. utlodning. Heimelaga matprodukt er også populært for sal: syltetøy, saft, småkaker og juleprodukt. Sjølvsagt har vi også god bruk for gevinstar til åresal og tombola. Litt større gevinstar på boka treng vi også. Har du anledning å hjelpe til på julemessa er vi svært takknemlege for det.

Lokale for Seaman´s Mission, Ålesund
Tekst og foto: André Sætre

Den indre Sjømannsmisjon i Ålesund fekk i 2018 nytt lokale for velferdsarbeid og evangelisering for utenlandske sjøfolk.

Arbeidet har vore drive i Tollbugata 10 frå 2014. Frå 2018 var vi så heldige å få leige lokale i Torghallen (Nedre Strandgt. 5), berre om lag 200 m frå cruise-kaia.
Dermed ligg det veldig godt til rette for havnemisjon for mannskapet på cruise-skipa. Seaman´s Mission arbeidet til DISM har vakse for kvart år. I 2017 var det om lag 16000 sjøfolk som besøkte dei 5 stasjonane langs norskekysten.
Det er sjøfolk frå alle verdens land som er mannskap på cruise-skipa, og vi opplever at misjonsmarka kjem til oss.

Sjøfolka som kjem
på besøk representerer mange forskjellige religionar, så det er fint å få vere med å peike på Jesus for dei. Mange tek imot nytestamenter, andakstbøker, biblar og traktatar. Det meste er på engelsk, men vi deler også ut kristen litteratur på spansk, fransk, russisk og tagalog. Vi opplever at det legg seg til rette for mange gode åndelege samtalar også.

Hovedgrunnen til at sjøfolka kjem til stasjonane våre er at dei får gratis internett, så dei får snakke heim til familie, kone og born, samtidig som dei kan sjå dei på telefonskjermen. Dei fleste av mannskapet går på lange kontraktar, og internett (maritimt) er altfor dyrt
om bord, så dei kan ikkje bruke det. Så dei er svært takknemlege for tilbodet vårt.

Lokalet vil også bli brukt til vanleg møtevirksomheit for misjonen. Vi synest det er fint å vere i eit butikksenter, der det kan vere lett å kome i kontakt med folk. Vi har også framleige til Ålesund Baptistkirke, som har samlingar der kvar laurdag kveld. Dette hjelper oss til å få ned leigekostnadane. Kretsstyret i Møre og Romsdal er takknemlege for at det legg seg så godt til rette med å få ei fin utvikling av evangeliseringsarbeidet i Ålesund.

Sørheim leirstad

Sørheim Leirstad ligg flott til ved fjorden på innersida av Averøya. Møre og Romsdal krets av Den indre Sjømannsmisjon driv barne- og ungdomsleirar på denne idylliske plassen.

For meir informasjon, ta kontakt med: Styrar Mari Seljehaug
mari.s@svorka.net
488 54 621

Frå sommarleiren 2015. Foto: Gudmund Eikrem.

Kretsstyret 2019/20

Leiar:
Karsten Gjerde, Tomrefjord
901 83 542

Nestleiar:
Leif Arne Ytterland, Valderøy

Styremedlemmer:
Anne Lise Aas, Syltosen
Hans Isak Røsvik, Vigra
Gunnar Martinsen, Skodje
Astrid Grøvan Vikhagen, Molde
Ole Johan Schølberg, Vågstranda

Vara:
Herman Blindheim, Vigra
Odd Ivar Nedrelid, Hjørungavågeit 

Misjonssekretær:

André Sætre
488 54 610
andre.saetre@dism.no

Postadresse kretskontor:

Dalsfjordvegen 125
6133 Lauvstad

Kretsens kontonummer:
6501.06.00515

VIPPS: #131994

Adresse Sørheim leirstad:
Sørheimsveien 77

6530 Averøy
VIPPS: #507576

 

Ansatte Sørheim leirsted:
Styrer Mari Seljehaug

mari.s@svorka.net
 488 54 621