Arkiv

Fine handsydde dukar

Julemessa i Bjørgvin krets

Tekst og foto: I. Helland. Publisert 10.12.2018.

Julemessa i Bjørgvin krets er kanskje den med dei største og finaste handsydde dukane.

Folk handla dukar og anna heimelaga handarbeid, lodd, kaffi, kaker og smørbrød.
Foreininga «Glimtet» hadde hovudansvaret. Foreiningar elles og enkeltpersonar i kretsen bidrog med førehandssal av loddbøker og med andre ting til julemessa, 23. og 24. november i Betania på Laksevåg i Bergen.
Tertnes musikklag song på avslutningsmøtet. Leiaren, Jorunn Haukedal, meinte dette i alle fall var det 8. året på rad. Det er fint med friske tradisjonar!
Mykje god forkynning vart «servert» under messa; av Tor Øyvind Sandaker, Kjell Helland, Truls Nygaard og Ingolf Solsvik. I tillegg til musikklaget frå Tertnes, song «Hagaviktrioen», Blå Kors-koret og Fiskarheimens musikkor.
Resultatet for messa: kr. 170.000 (ca).

Vevring Musikklag

Haustmøte på Alværa i Sogn

Av Ingrid Helland. Publisert 10. oktober 2018.

- Når vi er samla i Jesu namn, er det ikkje berre vi som ser kvarandre, men Jesus er her og ser oss og er midt iblant oss.

Det var ikkje det store frammøte på Bjørgvin krets sitt haustmøte på Alværa i Sogn. Like fullt, slik misjonssekretær Truls Nygaard sa i opninga av misjonsfesten laurdag kveld, 29. september: «Jesus er her og ser oss og er midt iblant oss».

Første samvær var på ettermiddagstid lørdag: bibeltime ved Truls Nygaard, etterfølgd av kveldsmat, og siste programpost denne dagen: Misjonsfest. Søndag føremiddag var det møte med nattverd, før haustmøtehelga vart avslutta med middag.

På misjonsfesten tala Dagfinn Sandal: «Hvor trygg er vi egentlig hos Jesus?» Han las Jes 41,10.

- Å være trygg hos Jesus kan ikke forstås hvis du bare tenker på vanskelighetene dine her på jord. Gud har ikke fjernet det vonde. Ut av den ulykken som er her på jord, tar Herren det i sine hender og skaper noe nytt. Jesus har vendt Guds hjerte til deg. Han har gått inn i det aller helligste med sitt blod og dommen er tatt bort fra ditt hode. Du trenger derfor ikke se deg engstelig omkring. Alle farer er ikke tatt bort, men løftene forteller deg at en dag skal du aldri mer bli syk eller dø.

Vevring Musikklag song:

Jeg kjenner veien hjem, vet at den fører frem.

Selv når den er tung å gå, vil jeg følge den.

Jesus er Guds vei til Gud, eneste veien frem.

Mye er ikke lett å forstå, men jeg kjenner veien hjem.

Sjå også Trygg Havn november 2018.

Dagfinn Sandal t. v. og Håkon C. Hartvedt med fin og god duettsang under skjergardsstemnet.

Mange tilreisande

Tekst og foto: Ingrid Helland. Publisert 7. august 2018.

Det kom mykje folk til møta på skjergardsstemnet i Bjørgvin krets.

Stemnet har dei siste åra vore på leirstaden Fjell-ly på Møvik på Sotra. Så også i år, i tida 2.-5. august.
25 personar overnatta på staden og var med på stemnet heile tida.
Mange kom også til bibeltimane og til kveldsmøta, slik at det fyltes opp i møtesalen.

Problem med å nå igjennom
«Ved Jesu føtter» var temaet for helga. Asbjørn Kvalbein held bibeltimane og talte også søndag føremiddag. Dagfinn Sandal hadde ansvaret for forkynninga på kveldsmøta. Han song også saman med Håkon C. Hartvedt.
Trygg Havn var til stades fredag kveld. Det samla seg etter kvart godt med folk og møteleiar Kjell Helland (formann i Bjørgvin krets) hadde i starten problem med å nå igjennom då han ønskte velkommen til møtet. God prat er av og til vanskeleg å bryta av .

Eit himmelsk perspektiv
Opningshelsinga var henta frå Forkynnaren der det står slik i vers 2: Fåfengt, seier Forkynnaren, fåfengt og forgjengeleg - alt er fåfengt!
- Forkynnaren ser menneskelivet frå eit jordisk perspektiv. Vi er samla for å sjå livet frå eit himmelsk perspektiv. Herrens løysing på våre problem er ei lys framtid, sa Helland, før han slepte Hartvedt og Sandal til med fin og god duettsong.

For eit spørsmål!
- Å, for eit spørsmål. Peter hadde banna på at han ikkje kjente Jesus, og så får han spørsmålet «Elskar du meg?» Dagfinn Sandal hadde utgangspunkt i teksten frå Johannes 21, 15-19, der Jesus møter Peter etter oppstoda.
Jesus visste. Likevel sende han ei særskilt helsing til Peter om å koma etter til Galilea. Der skulle han og dei andre læresvinane møta Jesus igjen. Peter hadde nok ikkje trudd innbydinga gjaldt han dersom ikkje Jesus hadde poengtert at den var til Peter også.
Peter hadde lide «skipbrudd» og sa sanninga: «Herre, du veit alt…»
Jesus ser nettopp til den som har feila så totalt. Han som kjenner til alle ting og ser alle ting, helsar deg med «Kom til meg». Jesus ønskjer å vera det lyset som trenger gjennom hjarta. Kvar gong det går opp for deg at Jesus har frelst deg, drar det deg nærmare han. Det er ikkje noko anna eg kan møta Gud med enn Jesus.
Sandal avslutta slik: Teksten fortel at Jesus bryr seg om deg. Han veit alt og han kallar deg til seg.

Etter møtet var det tilgang til kaffi og kjeks og meir tid til den gode praten.

«Grunn til takknemlighet»

Kretsårsmøte i Bjørgvin krets

Tekst: Ingrid Helland. Foto: Kåre Undal. Publisert 11. april 2018.

25 delegatar var samla til kretsårsmøtet i Bjørgvin krets. Halde på Nordhordland Folkehøgskole 7. april 2018.

I bibeltimen før årsmøtesakene, tala misjonssekretær Truls Nygaard frå Matteus 5,1-12 (Bergpreika).

Årsmelding og rekneskap
Sjølve årsmøtet vart leia av Oddvar Nilsen Husa.

Rekneskapen for kretsen viser eit overskot på kr 65.046. Fotfolket i kretsen har i tillegg gitt til saman kr. 562.254 via ulike innsamlingar direkte til hovudkontoret, og kr. 416.260 direkte til Elieser.

Nygaard gav ros og takk til alle som står på for arbeidet i Guds rike gjennom Bjørgvin krets.

- Det er grunn til takknemlighet, sa han bl.a.

Elles har 2017 vore eit jamt godt år med møteverksemd rundt om i kretsen.

Val
Formann Oddvar Nilsen og styremedlem Jarle Dale stilte ikkje opp igjen for ny periode i kretsstyret. Det gjorde heller ikkje varamedlemmene Arild Hagen og Ruth Skår. Nilsen og Dale vart takka for tida i styret, og overrekt kvar sin blomebukett som ei synleg takk. Hagen og Skår var ikkje til stades.

Etter valet har kretsstyret denne samansettinga:
Bjørg Njøten
Bjørg Rongevær
Sigrunn Sæle
Kjell Helland
Ulf Karlsen (ny)
Jan Arve Birkeland (ny)
Henning Sandøy (1. vara, ny)
Styret konstituerer seg på første styremøte i mai.
Årsmøtet vedtok at medlemmene i kretsstyret blir redusert frå seks til fem frå 2019.

Mot slutten av årsmøtet orienterte Landsstyret sin leiar, Ingolf Solsvik, om stoda i misjonen.
Helene Stura takka Truls Nygaard for det arbeidet han gjer som misjonssekretær: - Det er trygt og godt å ha deg på den plassen du er på!

Festsamvær
Årsmøtedagen vart avslutta med festsamvær kl. 17.00.

Frekhaug musikklag var spesielt invitert. Fiskarheimen musikkor deltok også med song. Konstituert generalsekretær Ole Andreas Wastvedt held festtalen. Han las frå Joh 21,15-19, om møtet mellom Jesus og Peter etter måltidet på stranda.

Det var ca. 45 til stades på festen. I kollekt kom det inn kr. 7.000,-.

Julefest i Skuteviken

Søndag 7. januar 2018 var det julefest i Skuteviken i Bergen.

Festen skulle egnetlig vært om bord i Elieser, men da skipet ble liggende på verksted, måtte alternativt sted skaffes.
Festkomiteen hadde pyntet så fint i lokalene som DISM leier i Skuteviken. De hadde også laget til et nydelig koltbord med alle slags retter.
Solfrid Nikolaisen ledet festen, Dagfinn Sandal talte og sang. Fiskarheimen musikkor stilte også opp.
Det kom bra med folk, og det ble en god stund med god forkynnelse. Det var plass til både alvor og humor, slik det er tradisjon for når Den indre Sjømannsmisjon i Bergen inviterer til fest.

Fiskarheimskveld Vik bedehus i Øygarden

Tekst og foto: Ingrid Helland, publisert 19. oktober 2017.
Fredag 13. oktober sto Ingolf Solsvik i bresjen for Fiskarheimskvelden i Vik bedehus i Øygarden.
Med seg hadde han fleire medhjelparar som dekte bord, steikte vaflar, laga riskrem med raud saus og som sto for oppryddinga etterpå. - Det er så kjekt å få vera med, sa dei.
Formålet var å samlast om Guds ord og samtidig få inn midlar til drifta av misjonen vår. Folket let vel. Det var godt å lytta til andakten til Truls Nygaard, til Solfrid Nikolaisen som song, og det var mang ein god latter då Gerhard Vik intervjua fiskaren Henning Sandøy om opphaldet på Røst under vinterfisket i 2017.
Kr. 16.000 kom inn på åresalget denne kvelden.

Skjærgårdsstevnet på Fjell-ly3.- 6. august 2017

Årets skjærgårdsstevne ble et rikt og godt stevne med gode taler- og sangkrefter og mange fremmøtte.

Tema for stevnet var "Vandre med Jesus". Radiopastor Asbjørn Kvalbein talte på bibeltimene og på søndagsmøtet. Pensjonert sangevangelist Dagfinn Sandal talte og sang på kveldsmøtene.
Håkon C. Hartvedt var med som sanger. I tillegg ledet han festmøtet lørdag kveld. Einar Karlsen og Fiskarheimen Musikkor deltok også med sang og musikk.
Det kom mye folk til møtene. Åpne og gode samlinger med Guds ord i sentrum.

Les mer fra årets skjærgårdsstevne i Trygg Havn nr 9 (september).

Skjærgårdsstevnet på Fjell-ly

3.-6. august 2017

Årsmøtehelga i Bjørgvin krets

Tekst og foto: I. Helland. Publisert 25. april 2017.

Årsmøtehelga i Bjørgvin krets samla rundt 30 deltakarar. Nokre fleire kom på enkeltmøta.

Kretsårsmøtet var lagt til Alværa Misjonssenter i Sogn, 22.-23. april.

Eit møte med den oppstadneEtter litt kaffi og prat, starta dagen med bibeltime av misjonssekretær Truls Nygaard:

Luk 24,13ff om Emmaus-vandrarane.
Kvifor er dei på veg vekk frå Jerusalem? Kanskje dei har behov for å koma vekk frå det som smertar? Dei finn ei felles trøyst i å søke saman og samtalar om det som har skjedd. På veg til Emmaus, ca 2-3 timar borte frå der korsfestinga hende, slår ein ukjend følgje. Han kjem med korte spørsmål og tar seg tid til å lytte. Kjem ikkje med løysingar. Ventar ei stund, for det er verdt å låne øyre til den som har problem. Dei får tala ut om det dei hadde vore med på. Først etter ei stund tar Jesus dei med eit skritt vidare.
Emmaus-vandrarane hadde ei forventing til Jesus som profet og konge som skulle frigjera folket. 5. Mos. 18,15-19a og Joh 6, 14-15. Men Jesus blir korsfesta og døydde.
Måtte ikkje Messias lida og så gå inn til sin herlegdom? Sa Jesus til Emmaus-vandrarane.
Jesus var der, men dei skjøna ikkje kven han var.
Jesus ber så takkebøn og deler ut brødet. Då blir augo opna og dei kjenner han igjen. Vi får tru at Gud er nær i vonde og tunge dagar. Emmaus-vandrarane fekk eit møte med den oppstadne og snur tilbake til dei andre læresveinane. Styrka!

Årsmøtet

Kretsformann Oddvar Nilsen Husa leia årsmøtedelen.
Truls Nygaard gjekk gjennom rekneskapen.
For 2016 viser den eit overskot på kr 177 452,-. Med nokre merknader, vart rekneskapen godkjent.
Årsmeldinga vart godkjent utan merknader.
Det nye styret fekk denne samansettinga etter valet:
Kjell Helland, Balestrand, Sigrunn Sæle, Fjell, Bjørg Njøten, Fjell, Bjørg Rongevær Nøtdvedt, Bergen
Varamedlemmer: Arild Hagen, Naustdal, Ruth Skår, Fjaler
Frå før i styret sit: Oddvar Nilsen Husa, Fedje og Jarle Dale, Øygarden.

På første styremøte etter årsmøtet, vart Oddvar Nilsen Husa konstituert som formann, og Kjell Helland som nestformann.

Samtale om arbeidet:

Kåre Undal: Det kostar å ha Elieser i drift. Ikkje nok å berre fylle drivstoff. Å drive Elieser kostar mellom 10 og 15 000 pr dag. Eg håpar givartenesta vil auka. Det er ca 800.000 kr. i underskot til no i år (utgangen av april) på Elieser.
Ingolf Solsvik: Enten må utgiftene ned, eller så må inntektene opp, når det gjeld Elieser. Viktig å gå i bøn for misjonen. Kva gjer vi vidare? Med litt opprusting på fiskarheimane, er det gode muligheiter.
Vi har hatt frivillige som har vore på fiskarheimane i Vandsøyvågen, Røst og på Stamsund.
Truls Nygaard: Kva er misjon? Meir enn det du les i årsmeldinga om ulike møte. Det ligg eit vitnemål i at vi brukar tida vår til misjonsarbeid. Vi er som eit ope brev. Lese av alle. Vi må hjelpe kvarandre til å bli i Jesus og styrke kvarandre på vegen.

Du må opne sjølv
På festsamværet laurdag kveld, deltok Fiskarheimens Musikkor og Vevring Musikklag med song.
Ingolf Solsvik hadde festtalen frå Joh Op 3,20ff:
«Sjå eg står for døra og bankar» - han kjem til den enkelte . Du må lukke opp. Jesus trenger seg ikkje inn eller går inn bakvegen. Kvifor vil han inn? For å gi oss evig liv. Misjonen si oppgåve er å forkynne at Jesus står og bankar på og vil inn og fylle livet. Vi slepp å pynte oss og gjere oss fine og fjonge for vår Herre. Det er berre ein ting som er viktig: å sleppe Jesus inn.

Solfrid Nikolaisen og Bjørg Njøten var begge på Havly Røst denne vinteren, og etter forfriskingar med iskaker og kaffi, fortalde dei frå sesongen. Begge hadde gode opplevingar. Det var givande å vera der også dette året! Vi er ein heim for fiskarane når dei er heimafrå. Fisken beit ikkje i år, så mange for lengre nord. - Når eg vaskar kleda til fiskarane, ber eg for dei eg vaskar kleda til, fortalde Solfrid.
I år kokte vi middag til arbeidarane på eit av fiskebruka. Dei åt middag på fiskarheimen kvar dag, ca 30-40 stk.

Avslutting
Årsmøtehelga vart avslutta med møte søndag føremiddag, med tale av Kjell Helland og song av Fiskarheimen Musikkor.

Fullt hus på Ekkobasaren 2017

Tekst og foto: Ingrid Helland. Publisert 23. mars 2017.

Den årlige Ekkobasaren samlet fullt hus i Betania på Laksevåg, 22. mars 2017.

- Velkommen til Ekkobasar! Veldig kjekt å se at folk koser seg allerede, innledet møteleder Sigrunn Heggernes. For praten gikk livlig lenge før start. Sigrunn kunne også ønske velkommen Bergen Kretsmannskor og andaktsholder Øystein Rønhovde.
Kretsmannskoret sang seg inn i hjertene til tilhørerne.

Øystein Rønhovde talte om tre overraskelser som skjedde på veien da Jesus gikk gjennom Jeriko på vei til lidelse og død:
1. Jesus stanset og ropte ned Sakkeus, den lite populære overtolleren, for å bli med ham hjem. Sakkeus

1. Øystein Rønhovde talte om tre overraskelser som skjedde på veien da Jesus gikk gjennom Jeriko på vei til lidelse og død:1. Jesus stanset og ropte ned Sakkeus, den lite populære overtolleren, for å bli med ham hjem. Sakkeus tok imot Jesus med glede. Han som hadde tatt til seg på andres bekostning ble gjenstand for Jesu kjærlighet.

2. Folkets reaksjon: - Jesus tar inn til en syndig mann. De rettet sitt liv etter budene, og bedro seg selv så lenge de ikke ville ha noe med Jesus å gjøre. Men de vitnet sant om Jesus, for han tar inn til syndere.

3. Sakkeus sto fram og bekjente sine synder. Dette kunne han aldri gjort før han møtte Jesus. Sakkeus fikk et nytt liv, ny frihet og ny rikdom. Jesus er kommet for å oppsøke det som var fortapt.

Det var fire åreomganger, kaffi, vafler og lapper, aftentrekning og hovedtrekning.
Foreningen Glimtet sto for basaren, og møteleder og foreningsleder Sigrunn Heggernes uttrykte stor takknemlighet over folket som kom, sangere og taler, og over pengene som kom inn til Den indre Sjømannsmisjon sitt arbeid.

Misjonssekretær Truls Nygaard minnet til slutt om at den viktigste tjenesten er ved Jesu føtter. Tjenesten begynner der. Så overrakte han en stor bukett røde roser til foreningen.

Det kom inn kr. 41.750,-.

Fiskarheimskveld i Vik Bedehus

Tekst og foto: Ingrid Helland. Publisert 15. oktober 2016.

Både bedehussalen og småsalen vart fylt opp då arrangørane opna dørene til Fiskarheimskveld i Vik Bedehus, Øygarden vest for Bergen.

Tradisjon
Fiskarheimskvelden i oktober (i år 14. okt.) er etter kvart blitt tradisjon, med landsstyreformann Ingolf Solsvik i spissen. Med seg har han ein flott stab som steiker vaflar, lagar riskrem, dekker bord, kjøper gevinstar, strikkar gevinstar, vaskar opp - og ryddar når alt er over.

Hadde du visst
Det var Ingolf Solsvik sjølv som leia og ønskte velkommen. - Ønskje vår er at vi i kveld skal få høyra om Jesus, for det er det namnet som samlar oss.

Karsten, ein fiskar i Lofoten, set pris på at Den indre Sjømannsmisjon har fiskarheimar slik at fiskarane som ønskjer det kan samlast om Gud ord. Hadde du visst kor stor betydning det har for oss fiskarar..., refererte Solsvik frå samtalen med Lofotfiskaren han ein gong møtte.

- Vi i Den indre Sjømannsmisjon kan få vera eit lys for fiskarane og for folket langs kysten. Joh. 1.12: Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å bli Guds born, dei som trur på namnet hans.

Igjen og igjen
Nordhordlandskoret song i fleire avdelingar. - Det er godt og sterkt å høyra vitnesbyrdet i songen dykkar. Slik takka Ingolf Solsvik koret. Dirigent Johannes Lyngset vart i tillegg takka med blomster.

Truls Nygaard, misjonssekretær i Bjørgvin krets, heldt andakt. I dåpen møter vi Jesus, frelsaren. Der får vi del i det Jesus har gjort for oss - det blir gjort til vårt. Men vi treng å koma igjen og igjen. Vi treng å bli fornya i kristenlivet. Vi treng å bli knytta til Jesus - til nådekjelda - igjen og igjen. Kristen fornying er å bli vaska rein. Vi treng å leva under nåden heile livet.

Konstituert generalsekretær, Ole Andreas Wastvedt, fortalte frå Norway Seamans Mission-arbeidet

Så var det servering av vaflar, riskrem med raud sos, og kaffi.

Hanna fire år
Utloddinga på slutten av kvelden gav ca 28.000 kroner til Den indre Sjømannsmisjon. Hanna på fire år gjorde ein flott innsats med å springa med gevinstar til heldige vinnarar. Tusen takk til Hanna, og til alle dykk andre som stilte opp denne kvelden!

Skjærgårdsstevnet i Bjørgvin krets - Flotte og rike dagar

Kretsårsmøte for Bjørgvin krets

Tekst: Truls Nygaard. Foto: Kåre Undal. Publisert 9. mai 2016.
Tekst og foto: Ingrid Helland. Publisert 8. august 2016.

Stor takk for flotte og rike dagar på Skjærgårdsstevnet på Fjell-ly/Sotra 4.-7. august 2016.

Temaet for helga var "Jesu kors og deg". Håkon C. Hartvedt og Dagfinn Sandal var med og belyste temaet. Dagfinn på bibeltimane og Håkon på kveldsmøta. Vesigna rikt og godt!

I tillegg er desse to talarane utrusta med gode sangstemmer og eit sjeldant godt gitarspel. Dei song kvar for seg og saman. Med seg hadde dei Einar Karlsen på enten piano, gitar eller på autoharpe. Songen og musikken gjekk frå hjarte til hjarte.
Lørdag kveld var i tillegg Fiskarheimens Musikkor med og song.

Bjørgvin krets av Den indre Sjømannsmisjon var arrangør.
Les meir frå stevnet i Trygg Havn nr. 9.

Bjørgvin krets var 16. april samlet til kretsårsmøte på Vik i Øygarden.

Det ble en fin dag med mye godt innhold.

Taler på bibeltimen var Egil Morland. Han tok utgangspunkt i en av påskedagens tekster: «De har tatt min Herre bort og jeg vet ikke hvor de har lagt ham!» (Joh 20,13) og reflekterte inn i den aktuelle kirkelige situasjonen.

På festsamværet
på lørdagskvelden talte Tor Øyvind Sandaker over 2. Kor 4,1-6. Det var sang og musikk ved Fiskarheimens musikkor og Einar Karlsen, samt opplesning av egenskrevne dikt av Kirsten Kårtveit. Det ble også gitt noen ferske glimt fra årets sesong på Fiskarheimen på Røst ved Bjørg Njøten, Solfrid Nikolaisen og Oddvar Nilsen Husa.
Det siste året i Bjørgvin har for mange medført sorg på grunn av dødsfall og sykdom. Men året rommer også glede over Guds og menneskers trofasthet mot arbeidet vi er satt til å gjøre. Under valgdelen ble Oddvar Nilsen Husa og Jarle Dale gjenvalgt for to nye år. Også varamedlemmene fikk fornyet tillit.

Det nye styret konstituerte seg 3. mai og består nå av: Oddvar Nilsen Husa (formann), Bjørg Njøten (nestformann), Jarle Dale, Arild Hagen, Bjørg Rongevær, Synneva Thormodsæter. Varamedlemmene er: Kjell Helland, Ruth Skår og Sigrunn Sæle.

«Glimtet» på Laksevåg

Tekst og foto: Ingrid Helland. Publisert 10. mars 2016

Det var fullt i Betania på Laksevåg, då foreininga «Glimtet» arrangerte basar.

- Heilt utruleg flott å sjå for ein gjeng, sa ei glad Bjørg Njøten, og ønskte alle velkommen. - Ole Andreas Wastvedt skal ha andakt, Hagaviktrioen og Fiskarheimen Musikkor skal synga. Her er også mange fine gevinstar av alle slag.

Gå til Jesus
Hagaviktrioen song om å «få komme på ny» og om å koma nær til Jesus. Ole Andreas Wastvedt fortalte om Nikodemus som kom til Jesus om natta (Joh 3). Det mest kjente bibelverset frå denne samtalen er Joh 3,16: For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
- Kristus døydde for mine og dine synder. Har du bruk for det Jesus gjorde på korset? Det einaste rette du gjer, er å gå til Jesus.

Heimelaga
Det vart servert heimelaga lappar og vaffelkaker. Med rømme, syltetøy og sukker, for den som ville det. Og før sjølve basar-delen, song Fiskarheimen Musikkor nokre songar.

Roser

Etter fire åre-omgangar, kveldstrekning og hovudtrekning, kunne misjonssekretær Truls Nygaard takka «Glimtet» for endå eit flott arrangement. Han overrekte foreininga ein stor bukett raude roser.
Denne kvelden, 9. mars 2016, på Laksevåg i Bergen, kom det inn ca. 40.000 kroner til Den indre Sjømannsmisjon. «Glimtet» gjorde det igjen!

Sjå også Trygg Havn 4/2016 (april).

Stortåen vibrerer
Harry Wiig-Andersen holdt kveldens festtale. Han startet med å gratulere koret med 20 år.
- Koret er et viktig redskap. Guds folk synger mye. Av og til føler jeg et pust fra paradis gjennom sang og musikk. Det er ikke ofte det skjer, men av og til blir det så intenst at stortåen begynner å vibrere, la Wiig-Andersen humoristisk til.
- Vi sitter med ulike erfaringer på vår vandring gjennom livet, men når vi møtes der oppe, skal vi takke Jesus for det han har gjort. Da skal vi til sammen danne en evig harmoni. Vi skal lære sangen her på jord. Golgata er musikkonservatoriet. En dag skal vi se alt i det rett lys og få se at Gud hadde en plan med vår vandring på jord. Musikklaget har en stor oppgave med å vise veien som fører hjem til himmelen. Lykke til!

Det var flere innslag under festen, og god mat ble servert.
Les mer i Trygg Havn nr 1/2016.

Adventsfest og 20-års jubileum

Tekst og foto: Ingrid Helland. Publisert 7. desember 2015.

Søndag 6. desember var det duket for adventsfest, og 20-års jubileum for Fiskarheimen Musikkor - i Betania på Laksevåg.

Et rikholdig program var planlagt, og mange kom til festen.

Adventslys
Einar Karlsen, tidligere kretssekretær i den gang Bergen krets (nå Bjørgvin), ønsket hjertelig velkommen.

To adventslys ble tent i starten, mens sangen tonet: "Tenn lys, et lys skal brenne". Tradisjonen tro stod Torbjørg Torsvik for lystenningen.

Inn i roten
Dagfinn Sandal hadde åpningsord: Kristendommen går inn i roten på alt. Ved det Jesus gjorde, vendes Gud til oss. Vi trenger å gå julen i møte med visshet om at det var en som kom og tok bort syndens makt.

Få kan spille gitar og synge som Dagfinn, og vi fikk lytte til flere sanger spilt og sunget av Sandal selv.

20 år
Fiskarheimen Musikkor stilte opp med sine 14 sangere. Frisk og god sang.

Einar Karlsen, som i anledning dagen hadde på sin flotte instrumentvest, har ledet koret i alle disse 20 årene.
- Er 20 år mye, spurte han kormedlem Helene Stura. - Neida, svarte Helene.
- Hvorfor har du vært med i alle disse årene? undret Karlsen videre.
- Fordi det er kjekt å synge, og fordi jeg får mye igjen for å være med. Stura utdyper: - Jeg merker at budskapet blir tatt imot når vi er ute og synger, og da blir jeg velsignet tilbake. Det blir dobbel velsignelse.
Georg Tvedt, formann i Fellesforeningen, poengterte det gode miljøet i koret. - Her kan vi vera oss sjølve, sa han blant annet.

Mye fint håndarbeid på julemessa

Tekst og foto: Ingrid Helland. Publisert 25. nov. 2015

Den ble avholdt i Betania på Laksevåg.

Mange besøkte julemessen til Bjørgvin krets helgen 20.-21. november 2015.Den ble avholdt i Betania på Laksevåg.

Store håndbroderte duker ble utsolgt allerede første dag. I tillegg var det mye annet fint håndarbeid som damene rundt om i kretsens foreninger hadde laget. Messa hadde egen "kafeteria" med smørbrød og kaker.

Primus motor var også i år foreningen "Glimtet", Laksevåg.

17.720 kr til Den indre Sjømannsmisjon

Tekst og foto: Ingrid Helland. Publisert 18. oktober 2015.

Det er tradisjon å arrangera Fiskarheimkveld i Vik Bedehus i Øygarden. 16. oktober var datoen i år.

Ingolf Solsvik leia samlinga, Solfrid Nikolaisen song, Annbjørg Barane talte og mykje folk hadde funne vegen denne fredagskvelden.

Ikkje nok mørke

Det finst ikkje nok mørke i verda til å kvela eit lite lys, sa Annbjørg Barane bl. a. Og: Har du to rom ved sida av kvarandre, eitt mørkt og eitt med lys, og opnar døra mellom dei, vil lyset frå det opplyste rommet siga inn i det mørke rommet - ikkje omvendt.

Lyset er det sterkaste!

Midt i nattens mørke blinker som et fyrlys Jesu navn.

Og hver hjemløs seiler vinker inn til frelsens trygge havn.

Og når solen mer ei skinner, Jesu navn det lyser enn.

Da den frelste skare synger høyt dets pris i himmelen.

Vaflar og riskrem

Ingen fiskarheimkveld utan vaflar og riskrem. Ihvertall ikkje på Vik. Fleire damer hadde vore i sving i forkant av kvelden, og mat kunne dei laga! Nydelege vaflar, og riskrem med raud saus fall i smak både hos liten og stor.

Auksjon og basar

Flotte heimespøta sokkar og pledd vart auksjonerte bort. I tillegg var det åresalg med flotte gevinstar.

Heile 17.720 kr kom inn til Den indre Sjømannsmisjon. Takk til folket i Øygarden og omegn!

Haustbasar med 150 års tradisjon

Tekst og foto: Ingrid Helland. Publisert 15. oktober 2015.

Lørdag 10. oktober var ein fin flokk samla til haustbasar i Kyrkjekrinsen Bedehus i Åsane, nord for Bergen sentrum. Det kom inn ca. 30.000 kr.

Haustbasaren i Kyrkjekrinsen hadde sin spede start for omtrent 150 år sidan, med sal og auksjon av bruksting. Truleg var det mennene som sto bak dette i starten.

Rundt om på gardane
Etter kvart kom kvinnene på bana og overtok mesteparten av arbeidet. Dei organiserte seg i kvinneforeiningar rundt om på gardane, og saman sto dei for haustbasen i Kyrkjekrinsen Bedehus.

Trufast teneste
Dei fleste av desse kvinneforeiningane er etter kvart borte. Flaktveit Kvinneforening er den einaste foreininga som har halde på til i dag. Lindbjørg Grutle, Inger Johanne Flagtvedt og Eli Flaktveit vart takka av for trufast teneste i Flaktveit kvinneforening. Dei har, saman med styret i Misjonsforeninga i Kyrkjekrinsen Bedehus, drege haustbasar-lasset dei siste åra.

Fekk sin sess

Fleire barnefamiliar hadde funne vegen til Bedehuset denne fine haustdagen i 2015. I tillegg var den godt vaksne delen av forsamlinga bra representert, så nesten alle framsette stolar fekk sin sess.
Borna var til uvurderleg hjelp. Dei sprang med gevinstar til dei var heilt svette, og jammen vann dei litt sjølve også!
Det var laga til med både påsmurt og med kaker. Godt smakte det, og kjekt var det å få tid til ein liten prat med dei rundt bordet.

Ut i kvardagen
Nokre av bibelversa forsamlinga fekk med seg, var henta frå Salme 46,2: «Gud er vår tilflukt og styrke, ei hjelp i naud og alltid nær». Og som Asaf har sagt det i Salme 73.28: «Men for meg er det godt å vera nær Gud.» Ord som er gode å leva på og ta med ut i kvardagen.

Kjem misjonen til gode
Takk til Flaktveit Kvinneforening og til Kyrkjekrinsen Misjonsforening for pengar som kjem misjonen til gode! Den indre Sjømannsmisjon vil få sin del når pengane blir fordelte.

17. mai-fest i Bergen

Tekst og foto: Jan Arve Birkeland. Publisert 18. mai 2015.

Tradisjonen tro vart det også i år halde 17. mai-fest i Bergen i regi av Den indre Sjømannsmisjon.

Dette året vart samlinga lagt til Bergen indremisjon sitt lokale Betlehem, grunna oppussing i lokala på Laksevåg.
Folk kom også i frå bygdene utanfor Bergen for å feire indre sjø sin 17. mai fest i Betlehem.

Kåseri
Einar Karlsen held kveldens kåseri ,der han snakka om etterkrigstidas Noreg, og kva utfordringar landet stod ovanfor etter krigens slutt.

I rett tog
Andakten stod Jan Arve Birkeland for. Der vart me minna om at Jesus har gått bort for å gjere i stand ein stad for oss. Når han ein dag er ferdig vil han koma attende for å hente oss heim til seg. Er difor viktig for oss alle å vere i det toget som stevner mot himmelen.

Musikkor
Fiskarheimens Musikkor stod for fin og god sang.

Takk til Bergens Indremisjon som leigde lokale til oss denne 17. mai-kvelden.

Sjå bilete frå 17. mai-festen:

Mye fint håndarbeid og julebakst for salg

Julemesse i Bjørgvin 2014

Foreningen Glimtet stod som vanlig i spissen for gjennomføring og forarbeid av julemessen.

Tekst og foto Truls Nygaard

Dette året ble julemessen i Bjørgvin krets arrangert 21-22. november - noe nærmere jul enn tidligere. Som vanlig stod foreningen Glimtet med Sigrunn Heggernes i spissen for gjennomføring og mye av forarbeidet.

Det var mye fint håndarbeid og julebakst for salg, i tillegg til rikelig med gevinster til de ulike trekninger og utlodninger. Julemessen var bra besøkt med inntil ca. 80 på de ulike møtene som ble avholdt.

Det var løpende matservering og både medhjelpere og besøkende så ut til å sette pris på arrangementet.

Det var i alt fire møter med utlodninger - to hver dag - og talere i år var Truls Nygaard, Jan Arve Birkeland, Norvald Vestheim og Ingolf Solsvik. Sangbidrag var ved Solfrid Nikolaisen, Fiskarheimens musikkor, Frie Røster fra Ramsøy og Tertnes musikklag.

I skrivende stund ser det ut til at julemessen vil gi misjonen nærmere kr. 190 000,- i inntekter.

Som seg hør og bør ble det delt ut blomster - både verbale og virkelige - som et lite uttrykk for stor takknemlighet til årets bidragsytere.

Elieser-basar i Bergen lørdag 25. oktober 2014

Det gjorde godt å lytta til Håkon C. Hartvedt. Einar Karlsen var med på pianoet.

Tekst og foto: Ingrid Helland

Kvar haust er det Elieser-basar i Bergen. Sjølvsagt ombord i «Elieser 6». I år kom det inn rundt 30.000 kroner på basaren.

- Velkommen i finaveret!
Det blir litt humring i «benkeradene». Regnet har nemleg ausa ned, og vinden ult rundt hushjørnene desse siste dagane i oktober.
- Det kunne vore snø, held Solfrid Nikolaisen fram.
Så sant, så sant. Ein Bergensar treng ikkje mykje fantasi for å sjå for seg kaoset i Bergen ved snøfall..., og det blir endå meir latter.

Maskinist Sigurd Medhaug hentar fleire stolar slik at alle får sitta.

Det gjer godt å synga Eliesersongen, og det gjer godt å lytta til Håkon C. Hartvedt når han syng om Guds nærleik og om at vi kan stola på Han, etterfulgt av klar og god forkynning.

Store haugar

Etter andakt og sang startar utlodninga.

- Vi har masse årer, så de må hengja i å kjøpa.
Solfrid har ein munter og god tone. Folk kjøper, - og vinn!
Store haugar hopar seg opp rundt nokre av dei heldigaste.

Innimellom trekningane blir det servert deilige smørbrød og kaker som Elieser-venner har bragt med.

Då åretrekningane og hovudtrekningen er over, rundar Sigurd Medhaug og Reidun Asplund av med sang.

Les meir og sjå fleire bilete frå basaren, i Trygg Havn nr. 12 (desember).

Fiskarheimskveld i Vik Bedehus i Øygarden

fredag 10. oktober.

Av Kåre Undal 16.10.2014

Ankom Vik Bedehus ei stund før møtetid og vart møtt av blide damer som steikte vaflar i store haugar. Kveldens meny var klar: kaffi, vaflar og riskrem. Alt låg til rette for ein vellukka kveld.

Ingolf Solsvik opna møtet og kunne ynskja velkommen ein stor flokk av forventningsfulle personar, både små og store. Han innleia med eit ord frå Bibelen og bønn.

Solfrid Nikolaisen deltok med fin sang, og misjonssekretær i Bjørgvin krets, Truls Nygaard stod for talen.

Så vart det servert kaffi, vaflar og riskrem. Det smaka nydeleg og appetitten var på topp hos alle, såg det ut for.

Åresalet kom i gang og gjekk strykande. Trekning gjekk føre seg på storskjerm, så alle fekk med seg vinnertala. God stemning med mykje latter og gode kommentarar.

Det vart også vist ein DVD med «Elieser 6», frå ein møtetur på Sørlandet.

Takk til dykk på Vik bedehus for den flotte kvelden! Eit flott program på alle måtar. Dette gav meirsmak!

Les meir om- og sjå bilder frå Fiskarheimskvelden i novembernummeret til Trygg Havn.

Det var ingenting å si på humøret før oppstart av julemessa. Her forberedes de deiligste smørbrød med kjærlighet og godt humør.
Sigrunn Heggernes sjekker at alt er klart før oppstart.

Julemessa i Bergen

Tekst og foto: Ingrid Helland

Helga 18.-19. november 2016 arrangerte Bjørgvin krets julemesse i Betania på Laksevåg i Bergen

Det gikk mange kanner med kaffe. Bjørg Rongevær passer på at det er nok til alle.

Det var salg av håndarbeid og mat. I tillegg var det flere runder med åresalg. Det var også anledning til å prøve lykken på tombolaen, og å ta lodd på aftentrekningen, hovedutlodningen, herretrekningen og julemiddag. Det kom inn rundt 190 000 kr på disse to dagene.