Rs 146 "Stormbull"

Redningsskøyta RS 146 "Stormbull" ligg no på Røst.

Mannskapet er innkvartert på Fiskarheimen. 

"Stormbull" vart sjøsett i 2009 og er ei gåve frå Per W. Fossum, eigar av investerings- og forvaltningsselskapet Stormbull.

Båten har ein kraftig vassjetmotor som gjev båten ein utrykningsfart på 40 knop. Fartøyet stikk berre ein meter ned under vassflata, og sidan båten ikkje har propell, kan han lettare gå inn på grunne område. Av utstyr om bord kan nemnast eit gyrostabilisert, varmesøkande kamera som kan halde fokus på personar i sjøen trass i båten sine rørsler.

0