Landsmøtet

Velkommen til Landsmøtet til Den indre Sjømannsmisjon på Nordhordland Folkehøgskole 30. juni-3. juli 2022.

Landsmøtet har pga. koronarestriksjonane vore utsett og avlyst to gonger; i 2020 og i 2021. No kan vi endeleg ønska velkommen til eit Landsmøte vi reknar med kan gjennomførast. Vi gler oss til å samlast med misjonsfolket, vera saman og legga planar for vidare drift av misjonen vår.

Nordhordland Folkehøgskole ligg på Frekhaug i Alver kommune, nord for Bergen.
 
Talarar: Ingvald André Kårbø, Thomas Kjær Olsen og André Sætre.

Program, prisar og skjema for påmelding blir lagt ut på heimesida om kort tid.
Trygg Havn nr 1/2022 kjem med fyldig informasjon om Landsmøtet.

Foto: Nordhordland Folkehøgskole

0