Klargjering til vinterfisket

Anita Malmin, dagleg leiar på Havly Stamsund er i full gang med nedvasking og planlegging av meny.


- Eg ser fram til vinterfisket. Det blir meir liv og nye ansikt, seier Anita.

Ho er i full gang med nedvasking og planlegging av meny.
Fjoråret var eit rart år. Lite fisk, og mange av fiskarane reiste frå Stamsund til Røst, der fisken var. Fiskarane som var igjen tente mindre og brukte dermed mindre pengar på mat. Men klesvasken gjekk likevel sin gang.

Frå i år av blir det ikkje anledning til å overnatta på Havly. Kvifor ikkje?
- Havly har tent lite på overnatting. For å oppdatera til godkjent standard, vart det for kostbart i forhold til nytten. Men klesvask, dusjing, post, ein plass til å kjøpa mat og for å samlast sosialt er sjølvsagt tilbod vi held fram med.

Utleigedelen er ominnreia til leilegheit som familien Malmin har flytta inn i. Det er ein fordel å bu på fiskarheimen for å følgja opp borna. Anita er klar på at familien kjem først. Det er viktig å skilja mellom jobb og fritid, slik at barna ikkje skal sitja igjen med at foreldra gav alt for misjonen og ingenting for dei.
- Fiskerisesongen er ei utfordring i så måte, vedgår Anita.

Har du draumar for fiskarheimen?
- At fiskarheimen ikkje berre skal vera for fiskarane, men at huset kan fyllast med folk frå bygda og bygdene rundt, og stå som eit fyrlys i Lofoten.

Du kan lesa heile intervjuet med Anita Malmin i Trygg Havn nr 2/2022 (februar).

Bilde: Anita Malmin. Foto: Ingrid Helland.

0