Elieserbasar på Finnøy

Elieserforeininga på Finnøy førebur ny basar om bord i Elieser.

Basaren skal vera 3. november.  
Foreininga møtest trufast, men det er lenge sidan Elieser var til kai på Reilstad. Før korona var det motortrøbbel, men foreininga fann plass til basar i fjor og kalla det Elieserkveld. 

Seks damer er no i gang med å delegera ansvar og organisera basar. To foreiningar slo seg saman frå Judaberg og Reilstad. Og dei siste åra har innsamla pengar gått direkte til Elieser. Dei er difor bevisste på å kalla seg Elieserforeining. 

I nokre media er foreiningsdamene omtala som ein utdøyande rase. Men enn så lenge er Elieser kjend langs kysten og folk likar seg om bord. Det er viktig å skaffa inntekter til drifta. 
Det vert ein annleis basarkveld enn på bedehuset. Damene har god trening i å finna kvarandre sitt talent, og alle bidrar med det dei kan. Dei er og flinke til å inspirera kvarandre. Dette gjer frimod i tenesta. 

Les meir om førebuinga til Elieserbasaren  i Trygg Havn nr 11. 

0